Kjære alle saman! Utstillingsopning med Erlend Berge og Frode Grytten, 6 June | Event in Oslo | AllEvents

Kjære alle saman! Utstillingsopning med Erlend Berge og Frode Grytten

Fotografiens Hus

Highlights

Fri, 06 Jun, 2025 at 04:00 pm

2 hours

Rådhusgata 20, 0151 Oslo, Norway

Advertisement

Date & Location

Fri, 06 Jun, 2025 at 04:00 pm to 06:00 pm (CEST)

Rådhusgata 20, 0151 Oslo

Rådhusgata 20, 0153 Oslo, Norge, Oslo, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Kjære alle saman! Utstillingsopning med Erlend Berge og Frode Grytten
Velkomen til opning i Fotografiens hus 6. juni. Fotograf Erlend Berge stiller ut fotografi av talarstolar. Forfattar Frode Grytten kjem og les eigne tekstar.

«ein talarstol kan godt vere slarkete og sliten
gammal og full av skrammer
eg har bare eitt krav til talarstolen
at han også er for den desperate og stemmelause»

Det byrja med ei uro. Ei kjensle av at noko var i ferd med å gå tapt. Denne uroa sende fotograf Erlend Berge ut på ei sju år lang reise gjennom Noreg på jakt etter talarstolar og rom i den norske offentlege samtalen.

– Det er ingen menneske i bileta, men det er spor av menneskelege draumar og store ord, seier fotograf Erlend Berge.

«Kjære alle saman!» er eit samarbeid mellom fotograf Erlend Berge og forfattar Frode Grytten. Prosjektet er blitt bok og no utstilling. Grytten sine tekster er dikt og prosa som med vidd og alvor, refsar og kommenterer ytringsklimaet i samtida. Til utstillinga i Fotografiens hus er talarstolane løfta ut av boka og satt inn i glas og ramme.

– Talarstolane står igjen som monument etter oss og det offentlege ordskiftet. Dei er monument etter ei tid som har vore og tida me er i no. Eg vil løfte dei fram frå kjellarar, bakrom og scenegolv. I jakta på talarstolane har eg nok tillagt dei fleire menneskelege eigenskapar. For meg så pustar, slåst og applauderer talarstolane. Dei har levd eit langt liv, dei er tidsvitne, dei er fulle av historier. Med Frode Grytten sine tekstar blir talarstolane besjela og vekka til live. Dei måtte berre bli gitt ei stemme, så ville dei slå hardt tilbake, seier Berge.

«Kjære alle saman!» vann førstepris i Dokumentar Norge under Årets Bilde 2023. Boka Kjære alle saman! fekk strålande mottaking og terningkast seks i Dagbladet. Meldar Jon Rognlien kalla ho ei «ramsalt poetisk billedbok med besk satire og endeløst vemod» (dagbladet.no). Boka er ein av vinnarane i Årets vakreste bøker 2025. Prosjektet er støtta av Fritt Ord og Kulturrådet. Utstillinga er støtta av Norsk Fotografisk Fond og Oslo kommune.

Erlend Berge si førre utstilling i Fotografiens Hus «Sjå, eg kjem snart!» tok for seg norsk bedehusestetikk. Berge sine fotografi er tidlegare antatt av Høstutstillingen og utstilt i galleri og museum over heile landet.

rett før slutt tar talarstolen til å sveve
i all si prakt, vektlaus nokre sekund:
«kjære alle saman!»

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

To stay informed about ticket information or to know if tickets are not required, click the 'Notify me' button below.

Advertisement

Nearby Hotels

Rådhusgata 20, 0151 Oslo, Norway, Rådhusgata 20, 0153 Oslo, Norge,Oslo, Norway

Just a heads up!

We have gathered all the information for you in one convenient spot, but please keep in mind that these are subject to change. We do our best to keep everything updated, but something might be out of sync. For the latest updates, always check the official event details by clicking the "Find Tickets" button.

Get updates and reminders

Host Details

Fotografiens Hus

Fotografiens Hus

3 Followers

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Kjære alle saman! Utstillingsopning med Erlend Berge og Frode Grytten, 6 June | Event in Oslo | AllEvents
Kjære alle saman! Utstillingsopning med Erlend Berge og Frode Grytten
Fri, 06 Jun, 2025 at 04:00 pm