Velkommen til boklansering
Fredag 22. august
Goldie Barscene, Bernt Ankersgate 21
kl 20, før Skammens diskotek, kl 22.
For å feire den nye boka «Mitt internett – då www kom til Noreg» inviterer me til ein kveld som tar deg tilbake til nittitalet.
Det blir diskusjon og drøs etterfulgt av dans og diskotek. Fleire detaljar kjem, men hald av kvelden og puss danseskoa.
Om utgivinga:
Korleis vart internett ein del av oss?
Dette spørsmålet utforskar Anne Gunn Halvorsen i denne boka som tar utgangspunkt i hennar eigen oppvekst i ei vestlandsbygd i nittiåra.
Gjennom dagboknotat og intervju med gamle venner og kjærastar, fagfolk og programmerarar fortel Anne Gunn Halvorsen historia om då internett kom til Noreg: ein unik epoke i norsk mediehistorie då samfunnshierarkiet vart snudd opp ned og barn og unge vart superbrukarar.
Meir om boka her:
https://www.norli.no/boker/dokumentar-og-fakta/historie-og-dokumentar/debatt-og-samfunn/mitt-internettliv-1-9788234015175
Bokpraten er gratis og open for alle.
Etter arrangementet spelar DJ Reform 94 opp til dans i kjellaren. Her blir det Skammens diskotek med dei beste og verste songane frå nittitalet. Klubbkonseptet kan karakteriserast som eit slags ungdomsdiskotek for vaksne, og har berre i år seld over 4000 billettar. Det blir glowsticks og gamle hits. Ta på gode sko! Inngangsbillett til diskotek: 200 kroner.