Dragonblood av Only Slime, 13 September | Event in Oslo | AllEvents

Dragonblood av Only Slime

Det Norske Teatret

Highlights

Sat, 13 Sep, 2025 at 06:00 pm

2 hours

Kristian IV’s gt.8, 0164 Oslo, Norway

Date & Location

Sat, 13 Sep, 2025 at 06:00 pm to 08:00 pm (CEST)

Kristian IV’s gt.8, 0164 Oslo

Kristian IV's gate 8, 0164 Oslo, Norge, Oslo, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Dragonblood av Only Slime
Velkommen til DRAGONBLOOD - ein sjangeroverskridande festival frå ei spelinspirert fantasiverd der drakar, fear, magikarar og gjesteartistar frå heile verda inviterer deg med på ei oppslukande og emosjonell reise.

Med ein miks av klubbkultur, rollespel, opera, popkonsert, spådomskunst og historieforteljing, er DRAGONBLOOD ei natt fylt med sverdkamp, digitale balladar, magiske eliksirar, falne englar og ein motiverande drake som er blitt framkalt:

Slutt å leve som om livet skjer deg ved eit uhell!
Du har ein avtale med lagnaden.
Vekk din indre Drake – og lev!
Er dette din time? Vil du stige fram?
Er du klar til å bli noko meir?
Har du mot nok til å byrje på nytt?
Vekk draken i deg
og lev med drakeblod
brusande gjennom hjartet. 🐉🏹
Vi reiser gjennom virtuelle verder der gløymde avatarar syng frå øydelagde 90-tals videospelkassettar. Undervegs møter vi DRAGON SLAYER, ein krigar driven av sorg og hemn. Vi møter DRAKEBLOD, halvt menneske, halvt drake, som søker sin plass i fantasiriket, og DRAKEN, som ikkje er her for å øydelegge, men for å vekke oss og finne vegen gjennom ei vanskeleg tid.

Festivalprogram
Kvar kveld er det ulike artistar som er med i framsyninga.
Her er eit oversyn over kven som er med når:

13.09. DRAGONBLOOD featuring: special guest (tba)
16.09. DRAGONBLOOD featuring: Team Rolfes’ 321 Rule, Kevin Peter He & DJ Trick (US)
17.09. DRAGONBLOOD featuring: Team Rolfes’ 321 Rule, Kevin Peter He & DJ Trick (US)
18.09. DRAGONBLOOD featuring: YOHAN - Music of the Mind
19.09. ONLY SLIME, NEKO3 & DRAGONGIRL presenterer: Magisk Aftan. Dette blir ein heilt spesiell kveld, med fokus på musikk, der artistane vil spele black metalritualet BLACK MAGIC.
20.09. DRAGONBLOOD featuring: The Frida Marida Show
23.09. DRAGONBLOOD featuring: Vetle Springgard & Para-
04.10. DRAGONBLOOD featuring: Thea Grant
10.10. DRAGONBLOOD featuring: ONLY SLIME & Xante Xenekunst

Ein feberdraum av ein festival
Festivalprogrammet inkluderer dei digitale musikk-krigarane NEKO3 (DK), som framfører sitt svartmetall-rituale Black Magic. ONLY SLIME kjem med sine hyperpop glitch-metal cyber-hymner og splitter nye medievalcore-slagarar. Frå USA kjem Team Rolfes (US) – ei gruppe teknologikyndige alve-romvesen frå framtida – som vil ta oss med inn i ei grensesprengande framsyning med levande motion capture og «real-time klubb-teater» i showet 321 Rule, saman med skogsdruiden Kevin Peter He (CN) og techno-magikaran DJ Trick (US).🧝‍♀️🌿🔮🐺👁️🌘

Forteljarfellesskapet frå Det Norske Teatret slår seg saman for å bere vidare sogene frå den eldgamle legenda om DRAGONBLOOD. Fleire artistar som skal opptre i draken sitt eldsprutande andedrag kjem til etter kvart.

DRAGONBLOOD er ein portal inn i ei anna tid. Ein feberdraum.
Når du går derifrå, vil du ikkje lenger vere den same.

INFORMASJON TIL PUBLIKUM Tilrådd frå 15 år pga. sex, nakenheit og vald. Det blir også brukt scenerøyk, strobelys og høg støy i framsyninga.
SPRÅK Nynorsk og engelsk

DRAGONBLOOD er ein samproduksjon mellom Det Norske Teatret, Ultima Oslo Contemporary Music Festival og ONLY SLIME.

Produksjonen er støtta av Kulturrådet, Fond for Lyd og Bilde og EUs kulturprogram Kreativ Europa som en del av ULYSSES.


You may also like the following events from Det Norske Teatret:

Also check out other Festivals in Oslo, Music events in Oslo, Entertainment events in Oslo.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

To stay informed about ticket information or to know if tickets are not required, click the 'Notify me' button below.

Event Tags

Nearby Hotels

Kristian IV’s gt.8, 0164 Oslo, Norway, Kristian IV's gate 8, 0164 Oslo, Norge, Oslo, Norway
Dragonblood av Only Slime, 13 September | Event in Oslo | AllEvents
Dragonblood av Only Slime
Sat, 13 Sep, 2025 at 06:00 pm