Velkommen til lansering av boka «Farlege forskjellar – kvifor stor økonomisk ulikskap er eit samfunnsproblem».
Det blir bokbad med forfatter Trine Østereng, etterfulgt av debatt med Nils August Andresen, redaktør i Minerva, Tuva Moflag, stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet og Andreas Fjeldskår, daglig leder i Tax Justice Norway.
Ordstyrer er Astrid Sverresdatter Dypvik, rådgiver i tankesmien Agenda.
Tid og sted: Torsdag 15. mai, arrangementet starter kl. 18.00. Youngstorget 2A, 0181 Oslo
Om boka:
Noreg har aldri hatt så mange milliardærar som no. Samtidig er køane utanfor landets matsentralar lengre enn nokon gong. Dei økonomiske forskjellane mellom folk er aukande. Kva gjer det med samfunnet?
Skeiv fordeling av rikdom og makt påverkar oss alle, uansett kor mykje pengar vi har, viser forfattar Trine Østereng i denne boka. Jo større lommebok, jo betre helse har vi. Privatøkonomien påverkar også sjansane våre til å få barn, utdanning og trygge bustadar. Aukande forskjellar fører til mindre tillit og trivsel, polarisering og uro – og demokratiet vårt tar skade.
Lar vi rikdommen vekse ukontrollert, klarer vi ikkje å bekjempe fattigdom. Det vil kunne true noko av det beste med Noreg, nemleg små forskjellar mellom folk og trygg velferd.