Sjølv om den angår alle kvinner, er det lite folkeopplysning om overgangsalderen. Det vil Bø kvinneforum og Bø Bygdekvinnelag gjere noko med! Vi har difor invitert forskar, forfattar og allmennlege Marianne Natvik til å komme og snakke om temaet.
Natvik vil fortelje om overgangsalderens mange og ulike symptom, og gje oss ei heilskapeleg tilnærming til korleis vi kan styrke helse og livskvalitet gjennom denne utfordrande fasen av livet. Ein dæsj optimisme og taktikkeri får du også med på kjøpet!
Det blir høve til å stille spørsmål etter foredraget.
Inngang: 200 kr
Studentar/skuleelevar: gratis
Litteraturhusmedlemmar: 100 kr
MARIANNE NATVIK er allmennlege med stort engasjement for kvinnehelse – og med eit ekstra fokus på overgangsalderen. Ho ønskjer å spre kunnskap og openheit, og har stor tru på at kunnskapsformidling er viktig for å normalisere overgangsalderen, og for å avhjelpe mange av symptoma.
Natvik er forskar ved Universitetet i Oslo, der ho ser på kvinners informasjonsbehov knytt til overgangsalderen. I tillegg møter ho kvinner i overgangsalderen på klinikken Sex og samfunn i Oslo, og held kurs for fastlegar, helsepersonell og arbeidsplassar.
I fjor ga ho ut boka Overgangskraft, som foredraget vil ta utgangspunkt i. Ho deler også mykje nyttig på sosiale media under kontoen @drmariannenatvik