Frøberedskapskurs med Andrew McMillion i samarbeid med KVANN, 3 November | Event in Notodden | AllEvents

Frøberedskapskurs med Andrew McMillion i samarbeid med KVANN

Vest-Telemark Museum

Highlights

Mon, 03 Nov, 2025 at 06:30 pm

2.5 hours

Vest-Telemark Museum (Museumsvegen 9, Dalen)

Advertisement

Date & Location

Mon, 03 Nov, 2025 at 06:30 pm to 09:00 pm (CET)

Vest-Telemark Museum (Museumsvegen 9, Dalen)

Museumsvegen 9, 3891 Dalen, Norge, Notodden, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Frøberedskapskurs med Andrew McMillion i samarbeid med KVANN
Velkomen til kurs i frøberedskap med Andrew McMillion frå KVANN (Kunnskap om og vern av nytteplanter i Norge).

Rett plante på rett stad er ein føresetnad for å lukkast med ei god avling. Andrew McMillion har tatt dette arbeidet eit skritt vidare. Han jobbar iherdig med avlingar av eigne frø frå lokalt tilpassa sortar på Hurdal gjestegård. McMillion er lidenskapeleg opptatt av samspelet i naturen og av økologisk dyrking på ein berekraftig måte. Her kan vi lære mykje om kortreist dyrking og vegen til å bli ein del av eit nettverk som tar vare på eit stort mangfald av lokalt tilpassa frø.

Kurset skal gje deg nok kunnskap til å etablere ditt eige frøberedskapslager av lokalt tilpassa frø. Målet med kurset er å sikre at du får nok kunnskap til å avle fram sortsekte frø av kultiverte sortar, åpenpollinerte planter, men også av stauder og urter!

Del 1: Inspirasjon om berekraftige dyrkingssystem og visjonen for eit nordisk matsystem som er regenerativt og bryt ned barriera mellom menneske og natur. Det inkluderer også litt historikk om bruksgenbanker (Community Seed Banks), KVANN og Schubelers hager.
Del 2: Her går vi djupare inn i basiskunnskap om seleksjon, klassifisering, pollinering og det som trengs av kunnskap for å ta vare på frø. Målet er å bli ein frøvoktar (seed steward) som held nordiske kultivarar sortsekte og genetisk robuste. Vi treng mange fleire frøvoktarar og håpar at du óg blir med på dette viktige arbeidet som startar med denne basiskunnskapen!
Andrew tar også med seg frø slik at du sjølv kan prøve deg på kortreist dyrking i eigen hage.

Andrew McMillion er småbrukar med bakgrunn frå IT-bransjen. Han er plantefagleg koordinator og tidlegare styremedlem i KVANN og kallar seg sjølv for ein ekte frøfanatikar. Andrew held kurs i frøreproduksjon, jordhelse, dyrking av grønnsaker under ekstreme omstende, drivhusdesign/bruk og økologi. Han forvaltar frø frå over 100 forskjellige planter. Filosofien som ligg til grunn er at frø bør tilpassast lokale forhold og ikkje komme frå store selskap i utlandet. Andrew tek vare på sorter som han meiner er spesielt eigna for dyrking i området her vi bur. PS: Kurset er på norsk.

Frøberedskapskursa er støtta av Sparebankstiftelsen som ein del av KVANN sitt prosjekt Urtearv: planter i levende minne.
Vest-Telemark museum er ein samarbeidsaktør i Urtearv-prosjektet, og har mellom anna laga ein ny urtehage i Eidsborg i samband med prosjektet.

Inngang medlemmar i KVANN kr. 50,-
Inngang ikkje-medlemmar kr. 100,-

Inngangsbillett kan kjøpast på staden, men det er óg mogleg å førehandskjøpe billettar på nett her: https://app.checkin.no/customer/15718/event/182379

Nysgjerrig på KVANN? Sjekk ut heimesida: https://kvann.no/

Foto: Daniel Zonneveldt


You may also like the following events from Vest-Telemark Museum:

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

To stay informed about ticket information or to know if tickets are not required, click the 'Notify me' button below.

Advertisement

Nearby Hotels

Vest-Telemark Museum (Museumsvegen 9, Dalen), Museumsvegen 9, 3891 Dalen, Norge, Notodden, Norway
Get updates and reminders
Ask AI if this event suits you

Host Details

Vest-Telemark Museum

Vest-Telemark Museum

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Frøberedskapskurs med Andrew McMillion i samarbeid med KVANN, 3 November | Event in Notodden | AllEvents
Frøberedskapskurs med Andrew McMillion i samarbeid med KVANN
Mon, 03 Nov, 2025 at 06:30 pm