Et gratis arrangement for alle sommerlesere i Overhalla (Ha gjerne med en voksen)
Forfatterbesøk, is og trekking av noen flere sommerlespremier.
Om førestillinga: Jenny Fender er ei litterær førestilling der musikk, høgtlesing, humor og gjenforteljing blandast for å skape ei levande og engasjerande oppleving og den blir lese og framført av Heidi Marie med gitar (fender)
Om boka: Jenny Fender av Heidi Marie Vestrheim, handlar om 12 år gamle Jenny som drøymer om å bli rockestjerne og reise på verdsturné saman med bestevenninna si, Signe. Men i det sommaren startar står både rockedraumen og vennskapet i fare når Signe må flytte, og ei ny jente frå Oslo flyttar inn i nabolaget.
Jenny Fender er ei fengande og lettlesen bok om rockejenter utanfor allfarveg. Dette er ei bok om å vekse opp, om overgangar og om å vere på terskelen mellom barndom og ungdom. Det handlar om venskap, nye kjensler og korleis ein skal vere ein god venn når alt ikkje lenger er sjølvsagt.
Om forfattaren: Heidi Marie Vestrheim er ein allsidig person: programleiar, musikar og forfattar. Ho har produsert fleire barneførestillingar, spelar i band og har gitt ut fire soloalbum. I tillegg har ho vore programleiar på fleire NRK-program. Jenny Fender (Gyldendal Norsk Forlag, 2023) er debutromanen hennar og fekk Kulturdepartementets debutantpris for barne- og ungdomslitteratur i 2023. Boka vart òg nominert til ARKs barnebokpris, Trollkrittet og Bokslukerprisen.
You may also like the following events from Horisonten bibliotek & kultursenter:
Also check out other
Music events in Namsos,
Trips & Adventurous Activities in Namsos,
Entertainment events in Namsos.