Festivalopning ved Knut Anders Vestad, duoen Tuva Halse (fiolin) og Tobias Eikrem Råmkes (klaver) frå prosjektet Circle of Art og elevar frå Hustadvika kulturskole.
På konserten får vi høyre den folkekjære Stjernekampvinnaren Bjørn Tomren frå Tomrefjord som saman med Åse Britt Reme Jakobsen skal gje oss halvannan time med musikk frå deira rike repertoar.
Hausten 2021 imponerte Bjørn Tomren heile Noreg i NRK-serien «Stjernekamp». Med eit unikt uttrykk og ei sterk formidlingsevne vart han raskt allemannseige og omtala som «den kulaste artisten i Stjernekamp gjennom tidene». Suksessen vart følgd opp med ein landsdekkande turné og tre utselde konsertar i Oslo Konserthus.
Tomren, artisten, låtskrivaren og komikaren frå Tomrefjorden, er òg kjend frå jodle- og trekkspelduoen Polkabjørn & Kleine Heine, som mellom anna har varma opp for a-ha og blitt dokumentarfilmstjerner i «Kunsten å jodle». Han har gitt ut to kritikarroste album: «Bad Science Fiction» (2019) og «The Astronomer’s Dream» (2023).
Som ein av dei mest allsidige musikarane i landet, spenner Tomrens musikalske rekkevidde frå americana og religiøse folketonar til jazz, viser, jodling, strupesong, dialektpunk og psykedelisk protestmusikk.
Med seg på scena har Tomren sambuaren sin, Åse Britt Reme Jakobsen. Jakobsen er musikar, songar og låtskrivar. Dei siste åra har ho vore aktiv som utøvar, og har på kort tid gjort seg bemerka som ei sterk stemme innanfor country, blues, jazz og norsk folkemusikk. Ho har vore medlem i og medverka i fleire band, og har ei sentral vokalrolle på Bjørn Tomrens debutalbum Bad Science Fiction (2019).
Velkommen til Klangfestivalopning og konsert med denne unike duoen!
Foto Thor Brødreskift
SPONSORAR:
Hustadvika kommune
Møre og Romsdal fylkeskommune
Sparebanken Møre
Varig Forsikring
Salmon Evolution
Fræna Begravelsesbyrå Hustadvika
Classic Norway Hotels
Vågøy og Myrbostad Sokneråd
"Ung klang" er i år eit samarbeid med "Circle of Art- Fra kulturskole til kunstner» ved Molde kulturskole.
You may also like the following events from Klangfestivalen Vågøy:
Also check out other
Concerts in Molde,
Music events in Molde,
Entertainment events in Molde.