Edvard Hoem - Fortalt fortid, 3 March | Event in Molde | AllEvents

Edvard Hoem - Fortalt fortid

Hustadvika bibliotek

Highlights

Tue, 03 Mar, 2026 at 07:00 pm

Torget 12 , 6440

Advertisement

Date & Location

Tue, 03 Mar, 2026 at 07:00 pm (CET)

Torget 12, 6440

Torget 12, 6440 Elnesvågen, Norge, Molde, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Edvard Hoem - Fortalt fortid
To av dei siste romanane til Edvard Hoem har kvinneleg hovudperson: Jordmor på jorda (2018) og Husjomfru (2022). Bøkene har det til felles at desse kvinnene har faktisk levd.

I foredraget sitt på Hustadvika bibliotek den 3.mars fortel Edvard Hoem om korleis han arbeider når han skal leite slike personar fram frå gløymsla, men også om korleis han tillet seg å dikte fritt når ingen eksakte opplysningar finst. Han reknar med at dei fleste lesarar aksepterer at historiske romanar pendlar mellom fakta og fiksjon, og forstår at situasjonar og replikkar frå hundre år tilbake er oppdikta.

På den andre sida er livsvilkåra for folk i bestemte yrke meir like enn vi gjerne trur. Ei jordmor i den tida hadde det til felles med alle jordmødrer at ho måtte gå til Kristiania for å få utdanning, og husjomfrua i rike bergensfamiliar levde alltid tett på herskapet, kjende alle deira gjeremål og tankar, men var på den andre sida som regel ei ugift kvinne som ikkje hadde nære slektningar rundt seg.

Aviser, kyrkjebøker og adresselister og folketeljingar fortel den dag i dag om korleis ei husjomfru flytta frå den eine velståande familen til den andre, og til slutt hadde berre seg sjølv å stole på.

I kyrkjebøkene kan vi finne kva barna jordmora hjelpte inn i livet heitte, og korleis ho koppevaksinerte dei og nøddøypte barn når presten var for langt unna.

Arrangementet er i en rekke med forfatterbesøk støttet av Fritt Ord: Fortalt fortid: Hvem forteller historien – og hva forteller de?

Alle er velkomne! Gratis


You may also like the following events from Hustadvika bibliotek:

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Edvard Hoem - Fortalt fortid can be booked here.

Advertisement

Nearby Hotels

Torget 12 , 6440, Torget 12, 6440 Elnesvågen, Norge, Molde, Norway
Reserve your spot
Ask AI if this event suits you

Host Details

Hustadvika bibliotek

Hustadvika bibliotek

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Edvard Hoem - Fortalt fortid, 3 March | Event in Molde | AllEvents
Edvard Hoem - Fortalt fortid
Tue, 03 Mar, 2026 at 07:00 pm