Velkomen til ny møteplass for tradisjonshandverk - for både fag- og lekfolk! Valdresmusea, i samarbeid med Valdres Næringshage, Aabol tradisjonsbygg as og Verne-Vøla, ynskjer å skapa ein møteplass for oss som er glade i tradisjonelle handverk og handverksteknikkar.
Me ynskjer at akkurat du, som held på med eit handverk med lange røter, og akkurat du, som kan tenke deg å læra meir om dette, og også du, som kanskje er så heldig at du eig eit gamalt hus og ynskjer å bli betre kjend med det; me ynksjer at de skal vera med å bidra til ein slik møteplass!
At me saman skal skapa noko me ser fram til skal skje, neste gong, når kvelden er over, og at me også, når kvelden er over, kan gå heim med ei kjensle av at me alle har opplevd noko fint, og kanskje lært noko nytt!
Me vil ta vare på, og ikkje minst auke, kunnskapen. Me vil også auke bevisstheita, kanskje læra oss å bli meir glad i det me har, bruka det me har.
I større grad tilpassa bruken til bygningane, heller enn bygningane til bruken! Dette har me eit håp om.
STAD: Festsalen på Valdres Folkemuseum
TID: Torsdag 5. mars, kl.19:00-21:00
ARR: Valdresmusea, Valdres Næringshage, Aabol tradisjonsbygg AS og Verne-Vøla.
Me har satt saman eit panel der den enkelte seier litt om sitt fagfelt, og der de som handverkarar eller huseigar, eller anna, kan stilla spørsmål, bli betre kjend med hus og handverk.
I panelet:
Håvar Aabol, tradisjonshandverkar.
Knut Andreassen, murar.
Knut Øystein Bakken, målar.
Margrete Bjone Engelien, Arkitekt MNAL.
Ingvild Kvissel Melbye. Leiar i Verne-Vøla.
Rep frå Valdres Næringshage
Odd Arne Rudi, bygningsvernrådgjevar for Valdres, skal halda litt i taumane gjennom kvelden.
Me serverar kaffi, te og litt å bite i.
Alle er velkomne!
Påmelding:
https://booking.duell.no/valdresmusea/standard/event/ny-m-teplass-for-tradisjonshandverk
You may also like the following events from Valdresmusea:
- This Friday, 27th February, 09:00 am, Snikkarglede for damer in Lillehammer
- Next month, 10th March, 06:00 pm, Valdres Folkemuseum 125 år - jubileumsmarkering in Lillehammer
- Next month, 14th March, 01:00 pm, Boklansering "Valdres i eldre tid - Jern, kyrkje og makt" in Lillehammer