Høre sokneråd inviterer til bingo i kafeteria'n på samfunnshuset etter markering av Kvinnenes internasjonale bønedag i stavkyrkja i Høre!
Bingokveldane i fjor vart fine, sosiale kveldar med flest folk frå Vang, men også nokon utanbygds. Her er alle velkomne uansett kvar dei bur!
🥳 Dørene opnar kl. 20.00
🤓 Bingoen tek til ca kl. 20.30 og varer til vi er ferdige
Bingoblokker og evt. penn kjøpast i kiosken. Der kan du også kjøpe snacks, biteti og drikke av ymse slag. Vi har allminnelege skjenkerettigheiter denne kvelden.
Aldersgrense 18 år!
Påmelding til Marianne på mobil 93249763 eller epost bWFyaWFubmVyaXN0ZSB8IGhvdG1haWwgISBjb20=.
Måndag 2. mars vil vi ha minst 25 påmeldte for å gjennomføre bingokveld nokre dagar seinare. Har vi nok påmeldte innan fristen kan du ta sjansen på å møte opp utan påmelding, men er det fullt, så er det fullt. Det er førstemann til mølla som gjeld.
Velkomne til ein sosial og hyggeleg kveld på samfunnshuset! 🤩
Helsing soknerådet i Høre
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No
Undo
Interested
Ticket Info
To stay informed about ticket information or to know if tickets are not required, click the 'Notify me' button below.