Rakel Onsum Berg (1916-2002) var ein av dei beste biletvevarane frå 1930-talet og fram til 1990-talet.
Produksjonen hennar er på omtrent 30 teppe, av desse er 25 større arbeid. I dag er det Gudbrandsdalsmusea som eig dei fleste teppa etter Rakel.
I Rakels bilete finn vi litterære motiv, særleg frå Kristin Lavransdatter og Peer Gynt. Ho har fleire arbeid med tema om norrøn mytologi, eventyr, segn og fortellingar. Rakel står støtt i ein lokal vevetradisjon, samstundes hentar ho impulsar frå heile verda.
Hans-Jacob Dahl har arbeidd som sokneprest i 23 år. I fleire år var han også leiar av Pilegrimssenter Dovrefjell. Det var gjennom arbeidet som prest at Hans-Jacob vart kjent med Rakel og arbeida hennar.
Inngang: 100 kr – inkludert kaffi og biteti etter foredraget.
Billettar kjøpast i døra.
Når:
Tysdag 14. april klokka 19.00: Sel bibliotek
Tysdag 21. april klokka 19.00: Skjåk bibliotek
Onsdag 29. april klokka 19.00: Ringebu Prestegard
Kvelden er eit samarbeid mellom Lillehammer Museum Maihaugen, Gudbrandsdalsmusea, Sel bibliotek, Skjåk bibliotek og Ringebu Prestegard.
Velkomé te gards💚
You may also like the following events from Ringebu Stavkirke og Prestegard: