Laurdag 11. oktober er vi så heldige at Malin Pettersen kjem for å opptre på Tanken Arena.
Konserten arrangerast av SundreBall 365.
Dørene opnar kl. 19. Konsertstart ca. kl. 21.
Kr. 390 – 18 års aldersgrense.
Malin Pettersen si kreative skaparkraft er ei tilsynelatande utømmeleg kjelde og spesielt dei siste åra har det formeleg bobla over med hyppig musikalsk produksjon – utan at kvantiteten har gått utover kvaliteten. Snarare tvert imot: Pettersen demonstrerer kor slitesterk musikk ho lagar og at låtene hennar kler fleire format og uttrykk.
Wildflower kan sjåast på som ei oppsummering av Pettersen si solokarriere hittil – her har all kunnskapen, erfaringa og ikkje minst den musikalske pondusen ho har opparbeidd seg gått inn i sluttproduktet. Albumtittelen antydar ein relasjon til Wildhorse, Pettersens album frå 2020, som stadfesta hennar status som den leiande americana-artisten her til lands. Sjølv seier Pettersen:
«Etter å ha vore ute på musikalske eventyr både geografisk – i Nashville med Wildhorse – og i overført betyding – med sjangeroverskridande Trouble Finding Words – ender me opp i eit «full circle»-augneblink der alt eg har lært, frå dei første dagane i studio som soloartist og fram til i dag, blir med inn. Dette albumet handlar om å skape noko intuitivt, der og då, i rommet. Med all den musikalske bagasjen ein tek med seg inn i studio. Utan overtenking og analysering.»
Dei siste par åra har Pettersen gitt ut eit pop/R&B-album, eit heilakustisk, nedstrippa album og eit nytt album med bandet sitt Lucky Lips. Låtskrivinga er hennar varemerke: Sterke melodiar som festar seg, saman med poengterte og ektefølte tekstar. Pettersen viser eit sterkt samfunnsengasjement, samtidig som dei meir introspektive og personlege låtene følast allmenne og enkle å relatere til.
På Wildflower har Malin Pettersen med seg musikarar ho har spilt med lenge og som alltid får stort spelerom i prosjekta hennar. Bandet består av: Øyvind Blomstrøm på bass, Nikolai Grasaasen på gitar/piano, Stian Jørgen Sveen på pedal steel og Sigmund Vestrheim på trommer. Pettersen har produsert albumet sjølv, og det skin tydeleg gjennom at gjengen har kost seg i studio. Overskotet og spelegleda boblar ut av høgtalarane og sørger for at musikken engasjerer frå byrjing til slutt.
Hausten 2025 tek ho med seg det nye albumet på turne – og alle som kjem kan glede seg til å oppleve ein av landets beste liveartistar med eit band proppfullt av musikarar frå aller øvste hylle.
Wildflower sleppast på Die With Your Boots On Records den 19. september 2025.
Also check out other Music events in Hønefoss, Entertainment events in Hønefoss.