Julejam på Tanken Arena – 5. juledag, 29 December | Event in Hønefoss | AllEvents

Julejam på Tanken Arena – 5. juledag

Tanken Coworking

Highlights

Mon, 29 Dec, 2025 at 07:00 pm

7 hours

Tanken Arena

Advertisement

Date & Location

Mon, 29 Dec, 2025 at 07:00 pm - Tue, 30 Dec, 2025 at 02:00 am (CET)

Tanken Arena

Kuluvegen 1, 3570 Ål, Norge, Hønefoss, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Julejam på Tanken Arena – 5. juledag
Publikum kan gle seg til ein kveld der mykje moro vil skje på scena. Sjangsane er store for å få oppleve spontane musikalske høgdepunkt, smilande musikarar som prøver seg på noko nytt, og gjester som plutseleg briljerer med soloar og vokalprestasjonar ingen visste dei hadde i seg.
Stemninga er varm, uhøgtidleg og tett på, og du kjem truleg til å få med deg magiske augneblikk som aldri vil skje igjen på akkurat same måte.
Kort sagt: Ein romjulskveld med energi, leikelyst og felles glede over heilt ekte, levande musikk.

Mandag 29. desember (5. juledag)
Dørene åpner 19.00
Jam fra ca 20.00
Åpent til 02.00

Billettpris: kr. 290,- ( 350,- ved kjøp i døra)
https://bturl.no/p5375

20 år leg.plikt.

Store norske leksikon seier:

Jam session, eller jam, er en uformell sammenkomst der musikere spiller musikk (i utgangspunktet) for fornøyelsens skyld. Jam sessions oppsto som et fenomen i jazzen på 1930-tallet, men har siden blitt et relativt sjangerfritt begrep, med stor utbredelse i blant annet rock, progrock, blues og funk. Improvisasjon er en viktig del av fenomenet, og det vektlegges gjerne eksperimentering, lek og utveksling av idéer mellom musikerne, fremfor lærte prinsipper om form og harmonikk. Som følge har jam sessions gjerne lengre musikalske forløp (spesielt soli) og varer ofte lenger enn studioprodusert og komponert musikk.

Så då er det avklart.


Husband, førebuingar og planmessig uplanmessigheit:

Uavhengig av kva Store Norske seier, me velgjer å leggje litt i botn. Husbandet hadde nyleg vekkelsesmøte, og består av ein flott bukett dyktige musikarar frå Sundre. Riktignok er det lagt inn litt «juks»: Bandet har planlagt tre øvingar før det brakar laus.
Kjeldene melder at den fyrste øvinga gjekk svært bra, tida gjekk mest med til å finne låtar, disuktere kva som eigentleg er ein «romjulsklassikar» og å bli einige om kven som ikkje skal synge høgt. Neste øving kjem til å sitte såpass bra at tredje runde truleg vert unødvendig. Stemninga er akkurat der ho skal vere: Optimistisk kaos med tru på eit lite mirakel.
Allereie no er det varsla både lokale, regionale og heilt utanombygds gjestejammere!

For deg som vil være med å jamme:

Poenget er enkelt: Dette skal vere gøy både for musikarar og publikum. Terskelen er låg, og om det skulle bli litt skranglete, er det heilt i tråd med oppskrifta. Og plutseleg sit noko som ei kule – den følelsen!

Du kan:
• kome aleine og jamme med husbandet eller andre musikarar som dukkar opp
• ta med heile bandet ditt og overta lokalet
• eller gjere begge delar

Uansett sjanger, nivå eller instrument, og spesielt vokalistar, koristar, blås, dragspel, fele, gitar, tromme, bass, tangentar, munnspel/harpe og banjo: Du er hjarteleg velkomen på scena!

Utstyr og praktisk info:
Tilgang på full backline ++, inkludert ekstra gitarar, tangentar, forsterkarar og det som trengs, men ta gjerne med eige instrument.

Gi beskjed til jamvert eller husbandet – gjerne på førehand – om du vil vere med på noko. Om du gløymer det, er det fullt mogleg å melde seg spontant også.
Har du låtynskjer du vil at husbandet skal vere litt førebudd på, gje gjerne ein lyd i forkant.

Husband (pr. 3. desember)

• Nikolai Ursin
• Terje Skår
• Stian Øygardslia
• Odd Halvard Seterdal
• Andreas Bergo

Husbandet er på mange måtar ambulerande – ein slags musikalsk versjon av Vy. Dei stoppar på dei fleste instrumenta, men ingen veit heilt når.
Jamvert inntil han får anna beskjed er Erlend Medgard, 90182200


You may also like the following events from Tanken Coworking:

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Julejam på Tanken Arena – 5. juledag can be booked here.

Advertisement

Nearby Hotels

Tanken Arena, Kuluvegen 1, 3570 Ål, Norge, Hønefoss, Norway
Reserve your spot
Ask AI if this event suits you

Host Details

Tanken Coworking

Tanken Coworking

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Julejam på Tanken Arena – 5. juledag, 29 December | Event in Hønefoss | AllEvents
Julejam på Tanken Arena – 5. juledag
Mon, 29 Dec, 2025 at 07:00 pm