Beharie // Ål kulturhus, 6 February | Event in Hønefoss | AllEvents

Beharie // Ål kulturhus

Ål kulturhus

Highlights

Fri, 06 Feb, 2026 at 07:00 pm

Ål kulturhus

Advertisement

Date & Location

Fri, 06 Feb, 2026 at 07:00 pm (CET)

Ål kulturhus

Sundrejordet 8A, 3570 Ål, Norge, Hønefoss, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Beharie // Ål kulturhus
Ein stad i skjæringspunktet mellom indie, folk og soul finn du Beharie.
Stemma hans er rik, kraftig og rå i formidlinga si – kvalitetar som støttar opp under den stadig meir personlege låtskrivinga, som når nye høgder på Beharie sitt komande andrealbum, When The Silence Gets Too Loud.

Eit album som vekslar mellom det storslagne og intime med gåsehudframkallande korparti, dramatiske instrumenteringar og varme akustiske augeblikk med gitar og Beharie si rike stemmeprakt. Dette kombinert med grundig tekstarbeid, eksperimentering mellom det store og det vesle, gjer at Beharie framstår meir stilsikker enn nokon gong.


Sjølv om musikaren frå Sandnes hentar inspirasjon frå etablerte artistar innan soul, R&B og folk, er uttrykket noko som er distinkt Beharie:
«På sitt beste greier Beharies musikk å få lytteren til å forsvinne som i et dykk under vann som tilsynelatende aldri ender. Han behersker både det mektige og det lille, og selv om han blant annet er sammenlignet med storheter som Frank Ocean, er Beharie først og fremst Beharie. En av de beste artistene vi har i Norge i dag.» – Aftenposten


Balanseringa mellom det leikne og det alvorlege er ofte gjennomgåande hjå Beharie. Tekstar som er sårbare og ærlege, som om dei er skrivne i gjennomtenkt affekt. Han lar lyttaren kome tett på og hentar inspirasjon frå levd liv, formidla med eit nærvær som gjev kjensla av å bli invitert inn i eit privat rom – ei kjensle som kjem også når me opplever han live.

Som liveartist har Beharie raskt etablert seg blant dei aller fremste namna i landet, med eit unikt nærvær og evna til å skape magiske augeblikk uansett arena. Han har spelt for fulle hus på alt frå intime klubbscener til hovudscena på Øyafestivalen og utseld Rockefeller. Samarbeid med kjende aktørar som Stavanger Symfoniorkester og Kringkastingsorkesteret (KORK) understrekar den musikalske spennvidda hans, og evna til å lyfte låtane til nye høgder. Ein eigen turné gjennom Europa og konsertar på internasjonale prestisjefestivalar som Montreux Jazz Festival (Sveits), Storsjöyran (Sverige), Eurosonic (Nederland) og Reeperbahn Festival (Tyskland) syner tydeleg at han allereie har etablert seg som eit internasjonalt namn.

Beharie sin karriere så langt vitnar om både ein artist i stadig utvikling og ein som allereie har sett tydelege spor etter seg:
Ein Spellemannpris i kategorien Rnb/Soul i 2022 for EP-en Beharie // Beharie, nominasjonar i same kategori i 2023 for Beharie, the Third og i 2024 for det kritikarrosa debutalbumet Are You There, Boy?.

Internasjonale medier som Wonderland, COLORS og Clash har også lagt sin elsk på han, og svenske GAFFA nominerte han til «Årets internasjonale gjennombrudd».

Ein sorti til dei naive 20-åra:
When The Silence Gets Too Loud er Beharie sitt komande andrealbum. Der debutalbumet var leikent, utforskande og kanskje litt naivt, er When The Silence Gets Too Loud eit moderne oppvekstalbum frå ein musikar som verken er ung eller heilt vaksen – ein refleksjon som utforskar tema mange i denne overgangsfasen av livet kjenner på, ei lyttaroppleving som gjev kjensle av å ta del i ein musikalsk oppvekstroman.
I kreativiteten og låtskrivinga si har Beharie aldri stråla av større sjølvtillit enn han gjer no.


You may also like the following events from Ål kulturhus:

Also check out other Festivals in Hønefoss, Music events in Hønefoss, Arts events in Hønefoss.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Beharie // Ål kulturhus can be booked here.

Advertisement

Event Tags

Nearby Hotels

Ål kulturhus, Sundrejordet 8A, 3570 Ål, Norge, Hønefoss, Norway
Reserve your spot
Ask AI if this event suits you

Host Details

Ål kulturhus

Ål kulturhus

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Beharie // Ål kulturhus, 6 February | Event in Hønefoss | AllEvents
Beharie // Ål kulturhus
Fri, 06 Feb, 2026 at 07:00 pm