Trond Viggo og Else - Resten av livet // Ål kulturhus
Trond-Viggo Torgersen og Else Kåss Furuseth inviterer til ein underhaldande, musikalsk, og kanskje også lærerik kveld. Ingrediensane er standup, tøys, prat og sang, som til saman gjev ein fullstappa buljongterning det truleg går an å bli klokare av.
Uansett kor gamle me er må me forhalde oss til resten av livet. Med den kroppen me har. Og det hovudet me har.
Korleis få til eit så godt liv som mogleg, så lenge som mogleg? Korleis glede oss over livet slik det har vorte, og lære oss å setje pris på dei moglegheitene me har? Kan me auke gode livsopplevingar med nysgjerrigheit og innsikt?
Me lovar ein munter kveld, ramma inn av nokre av Trond-Viggo sine mest kjende sangar!