For 35. gong inviterer vi til Trekktraseen Opp - fylkets eldste og mest uhøgtidelege motbakkeløp! Vi lovar ein flott trimtur, og minst like flotte uttrekkspremiar.
Lengde ca 900 m og stigning 220 hm. Start ved skihytta, nedste skitrekk (Bjørkeliaheisen). Lenke til løypekart og -profil:
https://www.strava.com/segments/5418625. Det vert også i år arrangert barneløp i kort løype.
Gratis frukt, saft, sjokolademjølk og Erketunet-bollar. Allergivenlege alternativ. Uttrekkspremiar i alle klassar.
Program:
17.30 Kongleriket Barneløp, fellesstart
18.00 Trimklasse
18.30 Konkurranseklasse, intervallstart
Aller helst ønskjer vi påmelding på førehand. Dette gjerast ved å sende e-post til
dHJla2t0cmFzZWVub3BwIHwgZ21haWwgISBjb20= (fullt namn, fødselsdato og idrettslag). Det er mogleg å melde seg på ved start frå kl.16.30 konkurransedagen.
Betaling via VIPPS (Jølster Løypelag, 127890), framvisast ved uthenting av startnummer. Startpengar under 15 år kr. 100, over 15 år kr. 150, familie kr. 250. Barneløpet er gratis, og krev heller ikkje påmelding. Alt overskot går til Jølster Løypelag som driftar og jobbar for sommar og vinterløyper i nærområdet, med spesielt fokus på langrennsløyper i tilknyting Jølster Skisenter.
Løpet vert arrangert i samarbeid med vår flotte hovudsponsor, Sparebank1 Sogn og Fjordane.
Velkomen ønskast alle - både den seriøse, den useriøse, familien, bedrifta og vennegjengen!