av Arne Lygre.
Riksteatret sender Nationaltheatrets kritikerroste og Hedda-prisvinnende forestilling på turné!
«Et stykke skrevet for evigheten (…) borer i hvordan vi speiler oss selv i andre. Og den gjør det så varmt, interessant og elegant at forestillingen er blitt ett av årets største høydepunkter på scenen.» Aftenposten (terningkast 6)
«I vårt sted» handlar om behovet for å ha nokon i livet sitt, om det å vere der for kvarandre, om å kunne kjenne seg igjen i ein annan og korleis vi blir til gjennom den andre sitt blikk. Det handlar også om den underliggande frykten for å bli valt bort, å bli åleine, å vere utbyttbar.
Vi møter Astrid, som har hatt eit langt og nært vennskap med Eva, ein relasjon som pregar dei begge. Nyleg har ho også møtt Sara, og eit nytt og skjørt vennskap skal definerast. Kven kan dei vere for kvarandre? Kan dei få ein større og viktigare plass i kvarandres liv enn det tida dei har hatt saman skulle tilseie?
Framsyninga har gått for utselde hus på Nationaltheatret og hausta strålande kritikkar. På scenen får du oppleve Laila Goody, Ågot Sendstad og Ragnhild Tysse i eit gnistrande samspel. Stykket har sikra seg Heddaprisen for beste scenetekst og beste medspelar, og dramatikar Arne Lygre er nominert til Nordisk råds litteraturpris.
Vi treng alle nokon, eller kvarandre, men vi treng aldri éin spesifikk.
«Føles som en lang, varm klem» Aftenposten (6)
«Arne Lygre løfter frem det hverdagslige mennesket med dyp presisjon» Klassekampen
«Tre av Norges fremste skuespillere har sjelden gravd dypere.» Dagsavisen (6)
«En teaterforestilling av ypperste klasse.» Morgenbladet
«En seier for skuespillerkunsten» Vårt Land
Framsyningslengde: 2 timar 30 minutt (inkludert pause).
Turnépremiere i Sandnes 1. oktober 2025
Med Laila Goody, Ågot Sendstad, Ragnhild Tysse og Kristoffer Kompen (musikar).
Av Arne Lygre. Regissør Sigrid Strøm Reibo. Scenograf og kostymedesignar Katrin Nottrodt. Lysdesignar Øyvind Wangensteen. Komponist og musikalsk ansvarleg Simon Revholt. Maskør Eva Sharp. Dramaturg Mari Vatne Kjeldstadli. Produsent Bastian Stabell. Produsert av Nationaltheatret. Produsert for turné av Riksteatret.
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Torsdag 9. oktober kl. 19:00.
Varigheit: 2 timar og 30 minuttar (inkludert pause).
Billettprisar:
Ordinær: kr 480,-
Honnør: kr 388,-
UNDER30 (for dei under 30 år): kr 180,-
Samarbeidspartnere: kr 388,-
Gruppepris (minst 10 stk): kr 388,- per stk.
Coop-medlem: kr 380,-
Scenekort (må vise medlemsbevis i døra): kr 380,-
Ledsager/følgjekort: kr 0,- (hugs at den som eig følgjekortet skal betale ordinær billett).
You may also like the following events from Sogndal Kulturhus:
Also check out other
Workshops in Førde.