Ope møte før Generalforsamling
Sogn og Fjordane Næringsråd
«Internasjonalt politisk og økonomisk kaos»
Scandic Sunnfjord Hotel, 12. - 13. mai 2025
PROGRAM
MÅNDAG 12. MAI
11.00 - 12.00
Lunsj i restauranten på Scandic
12.00 - 15.00
DEN OVERORDNA POLITISKE SITUASJONEN NASJONALT OG INTERNASJONALT
- ROGER SEVRIN BRULAND
Det er med stor glede vi presenterar Roger Sevrin Bruland – ein erfaren journalist med djup innsikt i Europas sikkerheitspolitikk, opparbeidd gjennom mange år i hjarta av Berlin. Roger tek oss med på ei reise gjennom sine erfaringar frå arbeidet i den tyske hovudstaden og belyser dei komplekse dynamikkane som formar dagens sikkerheitssituasjon.
- TOM RØSETH
For å gi oss brei innsikt i den sikkerheitspolitiske situasjonen presenterer me Tom Røseth, hovudlærer i etteretning ved Forsvarets Høgskole. Røseth har ein brei CV og vil ta oss med inn i stormaktsrivaliseringa. Kva skjer i Ukraina, kva kan Europa vente seg frå Russland i framtida, og kva blir konsekvensane for oss?
- ERNA SOLBERG
Kva tenkjer Høgre sin statsministerkandidat om den sikkerheitspolitiske situasjonen, samarbeid i Europa og konsekvensar for norsk næringsliv? Sogn og Fjordane Næringsråd har utfordra Regjeringa til å stille på Generalforsamlinga og håpar me får til ein duell mellom Høgre og Arbeidarpartiet....
- HILMAR MJELDE
Hilmar Mjelde er professor i statsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet med politikk i USA som spesialfelt. Han var den mest siterte forskaren i norsk media i 2024. Han er akkurat attende frå eit forskningsopphald
ved Texas A&M University
15.00 - 16.30
LOKALE NÆRINGSPOLITISKE UTFORDRINGAR
Elisabeth Holvik frå Sparebank 1 Gruppen analyserer konsekvensane av den økonomiske situasjonen internasjonalt for norsk næringsliv. Kva treng næringslivet av nasjonal politikk for å leggje til rette for
auka verdiskaping? Helene Frihammer, regiondirektør i NHO Vestland, rundar av med å fortelje om det viktige sommarjobbprosjektet og kva saker NHO vil ha prioritert i valkampen, samt kva dei forventar av 1.kandidatane.
Me skal få høyre frå tre bedriftsleiarar om utfordringar og moglegheiter i deira bransjar. Kva forventar Øyvind Kråkås (Firda Seafood Group), Kjetil Hovland (Digital Etikett) og Thomas Østerbø (Entreprenørservice) frå stortingspolitikarane etter valet?
16.30 - 17.30
NÆRINGSPOLITISK DEBATT
Torbjørn Vereide (Arbeidarpartiet), Erling Sande (Senterpartiet), Alfred Bjørlo (Venstre), Olve Grotle (Høgre) og Stig Even Lillestøl (Framstegspartiet)
17.30 - 18.00
Generalforsamling - kun ope for medlemmar
18.30 - 19.30
APERITIFF OG OMVISING PÅ PEAK
Innlegg frå gründer Pål Anders Kårstad
20.00
MIDDAG PÅ SCANDIC
TYSDAG 13. MAI
09.00 - 11.00
Open post med innlegg frå
Hub For Minerals - Gunnhild Berge Stang
Nordic Mining - Kenneth Nakken Angedal
Helseklynga i Sogn og Fjordane - Arve Varden
Vestland fylkeskommune - Sølve Sondbø (seksjonsleiar næring)
PÅMELDING:
https://event.checkin.no/118640/ope-moete-foer-generalforsamling-sogn-og-fjordane-naeringsraad