Is it a fjord, 28 June | Event in Førde | AllEvents

Is it a fjord

Highlights

Sat, 28 Jun, 2025 at 06:00 pm

Losna Fjøsgalleri

Advertisement

Date & Location

Sat, 28 Jun, 2025 at 06:00 pm (CEST)

Losna Fjøsgalleri

Losna 83, 6926 Losnegard, Norge, Førde, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Is it a fjord
Kunstutstilling av Gry Buer på Losna: Is it a fjord?
Laurdag 28. juni kl. 18.00 opnar eg utstillinga *Is it a fjord?* i Losna Fjøsgalleri. Gjennom måleri og tekst utforskar eg landskapet vi lever i – og korleis det blir endra, tolka og iscenesett. Eg prøver å fange det som er i ferd med å forsvinne – som fuglar vi sjeldan ser, eller natur som blir gjort om til kulisse.

Eg er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen og medlem i BKSF og NBK. Arbeida mine byggjer på lagvise prosessar – som eit visuelt arkiv over det som glir bort eller blir fortrengt. Eg ønskjer at bileta skal opne for undring, og spegle det tause og levande under overflata.

Utstillinga er del av det kulturelle programmet ved Losna Fjøsgalleri, eit særeige visingsrom drive av Einar Losnegård – ein av dei to fastbuande på øya. Galleriet ligg i eit ombygd fjøs frå 1946, og inneheld i dag både kunstutstillingar og museum i fire rom. Etter mange år med utstillingar under Losnaspelet, er galleriet no ein open møteplass gjennom heile sommarhalvåret, og vert brukt til både konfirmasjonar, konsertar og andre arrangement.

Utstillinga står open i sommar. Velkomen – enten du vil sjå, undre deg, eller berre vere ei stund.
For omvising, ta kontakt med Einar Losnegård.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

To stay informed about ticket information or to know if tickets are not required, click the 'Notify me' button below.

Advertisement

Nearby Hotels

Losna Fjøsgalleri, Losna 83, 6926 Losnegard, Norge, Førde, Norway

Just a heads up!

We have gathered all the information for you in one convenient spot, but please keep in mind that these are subject to change. We do our best to keep everything updated, but something might be out of sync. For the latest updates, always check the official event details by clicking the "Find Tickets" button.

Get updates and reminders
Advertisement
Is it a fjord, 28 June | Event in Førde | AllEvents
Is it a fjord
Sat, 28 Jun, 2025 at 06:00 pm