🎅 NISSETUR til dagsturhytta på Vinstra – TRADISJON OG JULEMAGI! 🎄
Kom i julestemning med nissetur søndag 7. desember! Dette er turen der både små og store garantert kjem i julestemning. Det blir nissar i skogen, song, leik og latter – alt det som høyrer jula til.
I skogen rundt dagsturhytta er det store sjansar for å møte nissane! Ta gjerne på deg nisselue eller raudt skjerf – då er sjansen ekstra stor for at dei tør å vise seg.
🕑 Tidspunkt: Søndag 7. desember kl. 14.00
📍 Oppmøte: Parkeringsplassen ved Dalstjønn
🎁 Påmelding: Meld deg på via DNT Gudbrandsdalen si nettside (Trykk finn billett)
https://aktiviteter.dnt.no/register/nisseturiskjak1_18112025065832#/
📅 Påmeldingsfrist innan 1. desember. Hugs å melde på alle borna – nissen må jo vite kor mange pakkar han skal pakke!
Spørsmål? Send ei melding til Bente på tlf. nr. 481 00 154.
💫 Om turen:
Turen startar frå parkeringsplassen kl. 14.00 – ingen får gå før sjefsnissen gjev klarsignal! Vi går samla, og hugs: ingen spring etter nissane – dei blir redde då! Foreldre har ansvar for eigne born.
Lengde: Om lag 1 km kvar veg på opptrakka sti.
🔥 Ta med:
- Mat og drikke om du vil
- Sitteunderlag
- Varme klede
- Lykt til heimturen
- Og ikkje minst: GODFØLELSE og julestemning!
🎅 Arrangementet er gratis, ope for alle – og fullt av førjulsglede! Vel møtt til ein magisk dag i skogen med nissar og latter.
You may also like the following events from DNT Gudbrandsdalen: