Velkomen til musikalsk sommarkveld i Galleri Ullinsvin, Vågå
Denne sommaren kan du oppleve gudbrandsdølen Marie Klåpbakken og trioen hennar i tre avdelingar i Gudbrandsdalsmusea. Marie er kjend for sitt karakteristiske felespel og si jordnære stemme.
Etter suksessen med albumet Her og Nå og fleire populære singlar, tek ho med seg eit unikt musikalsk samarbeid ut på vegen. Trioen består av nokon av Noregs og Sveriges mest anerkjende musikarar.
Olav Mjelva frå Røros, ein av Noregs fremste folkemusikarar, kjent for rått og uttrykksfullt felespel, og som du kan høyre i serien Ringenes Herre. Vidare har ho med seg Oskar Reuter, ein allsidig gitarist frå Sverige med bakgrunn frå mellom anna det nordiske folkemusikkbandet SVER og Västanå teater. Båe har vore viktige i arbeidet med Maries siste album, og samarbeidet har ført til ein heilt spesiell musikalsk kjemi. Konserten byr på nye låtar til kjende favorittar. Dette er musikk som både rører og begeistrar, med kraft, glimt i augo og tekstar til ettertanke.
Velkomen til ein intim og stemningsfull konsert!
Kvar: Galleri Ullinsvin, Vågå
Når: 3. juli kl. 20:00
Pris: 395 kroner
Marie med trioen spelar også her:
2. juli | Bellestugu, Lesja bygdemuseum, Lesja
4. juli | Øygarden, Nord-Sel
You may also like the following events from Gudbrandsdalsmusea:
Also check out other
Concerts in Dombås.