«Huset gir ly til dagdrømmene, huset beskytter drømmeren, huset tillater en å drømme i fred.»
– Gaston Bachelard, The Poetics of Space
Huset – og ideen om heim – er grunnpilaren i maleria til Fredrick Arnøy. Motiva spenner frå figurative landskap og bygningar til meir abstraherte fragment av minne og konstruksjonar i oppløysing. Arbeida er ofte utan menneske, men ber tydelege spor av liv og nærvær.
Arnøy byrja tidleg å bruke huset som uttrykksform. Han bygde konstruksjonar, måla dei, reiv dei ned og bygde på nytt. Slik voks det fram ein motivkrins som har følgt han vidare i maleriet – eit rom for å utforske form, komposisjon og farge. Uttrykket beveger seg mellom det konkrete og det abstrakte, i eit spenn der maleria dirrar mellom to verdener. Dette kallar han sitt poetiske rom.
Fredrick Arnøy (f. 1989, Haugesund) er utdanna ved Einar Granum Kunstfagskole og Kunstakademiet i Oslo. Han har stilt ut ved mellom anna Bærum Kunsthall, Haugesund Billedgalleri, Møre og Romsdal Kunstsenter, Landsforeningen Norske Malere i Oslo og Dropsfabrikken i Trondheim.