Vandreteater i Kanadaskogen: "Skogsprinsessa", 9 August | Event in Bergen | AllEvents

Vandreteater i Kanadaskogen: "Skogsprinsessa"

Eventyr i Parken

Highlights

Sat, 09 Aug, 2025 at 12:00 pm

1.5 hours

Kanadaskogen

Advertisement

Date & Location

Sat, 09 Aug, 2025 at 12:00 pm to 01:30 pm (CEST)

Kanadaskogen

Bergen, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Vandreteater i Kanadaskogen: "Skogsprinsessa"
SKOGEN TRENG HJELP, ER DU DEN RETTE?
Sidan eldgamle tider har skogsalvane passa på skogen vår og dei som bur i den. Dei passar på at jorda er frisk, lufta rein og at dyr og insekt gjer det dei skal. No er det skogsprinsessa Alva si tur til å bli dronning.

Men alt går ikkje som tenkt på kroningsdagen... Rykter og vonde tankar spreier seg i skogen, og plutseleg er det vanskeleg å vite kven som snakkar sant i den store skogen, kor kjem desse mørke tankane ifrå? Skogen treng hjelp frå nokon med eit vakent blikk: menneska.

Bli med inn i skogsriket og opplev eit spanande vandreteater for heile familien! (Passar godt frå 3 år.)

Framsyninga spelast i Kanadaskogen:
LAURDAG 9.08 kl.12:00 og 14:30
SUNDAG 10.08 kl.12:00 og 14:30

OPPMØTE: Framsyninga startar ca.10-20 minutters gange frå Kandaskogen Friluftslivsbarnehage (Spelhaugen 24), ikkje langt frå "Moseplassen". Sjå markering på kartet her på arrangementssida.

Vi anbefaler å nytte kollektivtransport grunna begrensa parkeringsplassar. Følg dei markerte pilene fram til de kjem til vårt godt synlege "Oppmøtestad".

Det er også mogleg å parkere ved Nipedalen (ca. 25 minutters gange frå oppmøtestaden).

Framsyninga startar presis, så vi anbefaler å være ute i god tid.

VARIGHEIT: Ca. 1.5 time frå start på framsyninga til slutt. Vi avsluttar ca.5 minutter unna oppmøtestaden.

Alt foregår utandørs, så hugs å kle deg og dine etter véret.

"BETAL DET DU KAN": Vi i Eventyr i Parken jobbar for å kunne vere eit tilgjengeleg og lavterskel tilbod, som alle skal ha moglegheit til å delta på. Vi har difor "betal det du kan" prisar, for å nå breidt ut. Vi meiner kunst og kultur skal vere tilgjengeleg for alle - du betaler difor det du har moglegheit til. Ynskjer du å støtte arbeidet vårt litt ekstra set vi stor pris på det. Vi takkar alle våre sponsorar som gjer det mogleg for oss å tilby så rimelege prisar som mogleg!

SPØRSMÅL? Kontakt oss på ZXZlbnR5cmlwYXJrZW4gfCBnbWFpbCAhIGNvbQ== eller 41211 023.

KUNSTNERISK TEAM:
Manus: Thomas B. Brandt, Lina Taule Fjørtoft, Magdalena Kuna, Stine Revheim Svellingen
Regikonsulent: Jan Neal Holden
Kostyme og rekvisittdesign: Tora Troe
Kostymemaker: Julie Jensen
Skodespelarar: Stine Svellingen, Kristian Garmanslund, Katrine Lovise Øpstad Fredriksen & Amalie Jensen Tolo.

Eventyr i Parken er eit vestlandsbasert teaterkompani som sidan 2018 har jobba med å skape unike teateropplevingar for barn og unge ute i naturen. I 2021 vart kompaniet nominert til “Bergens beste barneoppleving” i BT, og i 2023 mottok kompaniet Bergen Teaterforenings pris "Rampeløkten" for vårt nyskapande arbeid. Eventyr i Parken inviterer no liten og stor ut, og inn i vår skogsverd for å sjå ting ikring oss, på ein heilt ny måte. Meir info: eventyriparken.no

Framsyninga er støtta av
Bergen kommune
Vestland fylkeskommune, tilskot til friluftsaktivitet
Vestland fylkeskommune, tilskot til kulturarrangement
A/S Bergen Teater og Det Dramatiske Selskab
Sparebanken Vest


You may also like the following events from Eventyr i Parken:

Also check out other Arts events in Bergen.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Vandreteater i Kanadaskogen: "Skogsprinsessa" can be booked here.

Advertisement

Event Tags

Nearby Hotels

Kanadaskogen, Bergen, Norway
Reserve your spot

Host Details

Eventyr i Parken

Eventyr i Parken

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Vandreteater i Kanadaskogen: "Skogsprinsessa", 9 August | Event in Bergen | AllEvents
Vandreteater i Kanadaskogen: "Skogsprinsessa"
Sat, 09 Aug, 2025 at 12:00 pm