Utstillingsopning: Berekraftig barndom? Leiketøy gjennom 100 år, 4 October | Event in Bergen | AllEvents

Utstillingsopning: Berekraftig barndom? Leiketøy gjennom 100 år

Kystmuseet i Øygarden

Highlights

Sat, 04 Oct, 2025 at 12:00 pm

3 hours

Museumsvegen 9, 5337 Rong, Norway

Advertisement

Date & Location

Sat, 04 Oct, 2025 at 12:00 pm to 03:00 pm (CEST)

Museumsvegen 9, 5337 Rong

Museumsvegen 9, 5337 Rong, Norge, Bergen, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Utstillingsopning: Berekraftig barndom? Leiketøy gjennom 100 år
Ny utstilling: Berekraftig barndom? Leiketøy gjennom 100 år

🎠 Velkommen til ei utstilling full av nostalgi, fargar og fantasi!
Kystmuseet opnar dørene til ei heilt ny utstilling som tek deg med på ei leiken tidsreise gjennom 100 år med leiketøy.

🧸 Her får du sjå alt frå handlaga treleiker og norske klassikarar – til plast, popkultur og dei store internasjonale leikene frå Mattel, Matchbox og Hasbro.

🎨 Kva leika du med då du var liten? Kanskje finn du att ein gammal favoritt – eller oppdagar noko heilt nytt!

🎉 Spesialutstilling: Masters of the Universe (MOTU)
Kystmuseets eigen Tor Bjørge har sidan 80-talet samla actionfigurar, leikesett og spesialfigurar frå He-Man-universet – og har no ei av verdas største samlingar!
No får du sjå godbitar og sjeldne objekt frå denne imponerande samlinga, utstilt her på museet.

🎤 Foredrag med Tor Bjørge
Høyr historia om korleis det heile starta – og korleis ei av dei største He-Man-samlingane i verda hamna nettopp i Øygarden.

🎨 Leikeverkstad i smia!
Har du lyst til å lage dine eigne leiker – slik ein gjorde i gamle dagar?
Bli med på ein kreativ og kjekk verkstad der du kan bruke pinnar, stein og skjell til å lage rare, søte eller heilt unike figurar.

✨ Konkurranse: Vi plukkar ut tre (eller kanskje fleire!) av figurane som får heidersplass i monteret saman med dei andre leikane.

☕ Kafé og museumsbutikk!
Kafeen held sjølvsagt ope – perfekt for ein liten pust i bakken med noko godt i koppen.

🛍 Museumsbutikken har fått inn splitter nye retro-leiker! Nokre passar for dei minste, medan andre er midt i blinken for vaksne samlarar med glimt i auget.

🎟 Gratis inngang!
Hent deg gjerne ut ein gratis billett på førehand, så veit vi kor mange som kjem.

📅 Program for dagen
12.00 – Dørene opnar
12.15 – Utstillingsopning
12.30–14.30 – Leikeverkstad i smia
13.00 – Foredrag med Tor Bjørge:
«Korleis hamna ei av verdas største MOTU-samlingar i Øygarden?»


You may also like the following events from Kystmuseet i Øygarden:

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Utstillingsopning: Berekraftig barndom? Leiketøy gjennom 100 år can be booked here.

Advertisement

Nearby Hotels

Museumsvegen 9, 5337 Rong, Norway, Museumsvegen 9, 5337 Rong, Norge, Bergen, Norway
Reserve your spot

Host Details

Kystmuseet i Øygarden

Kystmuseet i Øygarden

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Utstillingsopning: Berekraftig barndom? Leiketøy gjennom 100 år, 4 October | Event in Bergen | AllEvents
Utstillingsopning: Berekraftig barndom? Leiketøy gjennom 100 år
Sat, 04 Oct, 2025 at 12:00 pm