Velkommen til ein dag full av opplevingar på Koppen gard!
Bli med på ein innhaldsrik dag der både små og store kan utfalde seg med spennande aktivitetar og ekte handverkstradisjonar. Her kan du:
- Støype dine eigne tinnfigurar
- Prøve deg på veving/fletting
- Smi ditt eige minne i den gamle smia
- Mure med ekte gråstein frå naturen
- Bli med på omvising i det historiske gamlahuset
- La dei minste utfalde seg med spikring i Litlaløo
- Utforske kulturstien – ein times vandring gjennom kulturlandskapet, med spennande historier frå ulike stadar. Hugs vasstette sko!
Det vert sal av forfriskingar og noko godt å bita i.
Praktisk info:
Koppen og vegen hit har avgrensa plass til bilar, så vi oppmodar alle til å gå eller køyre saman. Det er tilrettelagt parkering ved hovudvegen, ca. 1 km frå garden. Har du utfordringar med å gå, kan du sjølvsagt køyre heilt fram.
Inngang: kr 100,- (Vipps eller kontant ved ankomst).
Ingen påmelding – berre møt opp!