Dylanselskapet, 27 February | Event in Bergen | AllEvents

Dylanselskapet

Det Vestnorske Teateret

Highlights

Fri, 27 Feb, 2026 at 07:00 pm

2.3 hours

Det Vestnorske Teateret

Advertisement

Date & Location

Fri, 27 Feb, 2026 at 07:00 pm to 09:20 pm (CET)

Det Vestnorske Teateret

Det Vestnorske Teateret, LOGEN: Øvre Ole Bulls plass 6, Bergen, Hordaland, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Dylanselskapet
DYLANSELSKAPET
– ein dramakomedie om menn, vennskap og Bob Dylan

Om handlinga:

Fire menn møtest jamleg for å diskutere Dylan, livet, døden - og alt anna dei ikkje snakkar om med kvinnene sine

Men den siste tida har ting byrja å endre seg: Den eine er alvorleg sjuk, den andre har blitt saman med eksen til den tredje, og den fjerde har planlagt ferietur med elskerinna same dag som kona skal føde. Det er duka for sterke kjensler, opprivande samtalar, og djupe erkjenningar. Heldigvis treng dei berre å snakke om Dylan.

Dylanselskapet er ein dramakomedie om vennskap, menn, aldring og Bob Dylan. Og om kor vanskeleg det kan vere å snakke om det som verkeleg betyr noko.

Om forfattaren:

Dylanselskapet er skrive av den svenske dramatikaren Dennis Magnusson. Stykket har vore ein stor suksess ved fleire teater i Sverige, og får sin Noregspremiere ved Det Vestnorske Teateret våren 2026.

Magnusson er ein anerkjend dramatikar, som har skrive for både film og teater. Han står blant anna bak storfilmen Kongen av Bastøy, og han var dramaturg for den internasjonale suksessen La den rette komme inn.


Stjernelag på Hovudscenen:

Dei fire karakterane i stykket blir spelte av
Lasse Kolsrud, Anders Dale, Sigmund Njøs Hovind og Svein Harry Schöttker-Hauge. Vi kan ikkje drøyme om eit betre skodespelarlag! Publikum kan vente seg sterke skodespelarprestasjonar, i ei folkeleg og rørande framsyning som snakkar like mykje til hjartet som til hovudet.


Kunstnarleg lag:

Av Dennis Magnusson
Omsetjing frå svensk til nynorsk: Aslak Moe
Regi: Simon Lay
Scenografi og kostymedesign: Milja Salovaara
Lysdesign: Silje Grimstad

Colombine Teaterforlag

Varigheit:
Omlag 2 timar og 20 min. inkludert pause.

Vert spelt på Hovudscenen.

Plakatfoto: Andreas Roksvåg.





Also check out other Entertainment events in Bergen.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Dylanselskapet can be booked here.

Advertisement

Event Tags

Nearby Hotels

Det Vestnorske Teateret, Det Vestnorske Teateret, LOGEN: Øvre Ole Bulls plass 6,Bergen, Hordaland, Norway
Reserve your spot
Ask AI if this event suits you

Host Details

Det Vestnorske Teateret

Det Vestnorske Teateret

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Dylanselskapet, 27 February | Event in Bergen | AllEvents
Dylanselskapet
Fri, 27 Feb, 2026 at 07:00 pm