Endeleg kvedarsamling att! Gildt at det har vore sakna.
Planen var å ha ei samling før påske, men så var plutseleg påska over. Mai er ei travel tid for alle, så vi prøver å ha ei samling heilt i slutten av månaden, håpar det passar. Steinerskolen har vore greie og lar oss få vere der også denne gongen!
Temaet denne gongen er altså stev. Desse firelina versa som vi har så mange av. Vi syng gamlestev og nystev frå heile Agder, og så skal vi utforske danserytmene med slåttestev. Dette blir moro!
Til alle nye - vi tar det frå start, så det er lett å henge seg på. Her er det raust og fordomsfritt - songen er i fokus. Du treng ikkje å "kunne" noko eller vere særskilt god til å synge, her er det lyst og songglede som gjeld!
På kvedarsamlingane er det norsk folkesong som er i fokus. Vi tar mykje utgangspunkt i det lokale, men hentar songar og melodiar frå store delar av Noreg. Av og til dukkar det opp variantar frå Danmark, Tyskland og andre stader.
Vi deler av kvarandre, her er det lov å vere frimodig anten du vil lære frå deg noko, eller synge ein variant for oss andre. Elles har Olaf førebudd noko som vanleg.
Har du særskilte ønsker seinare samlingar, så skriv gjerne her i eventen.
Kr. 50 pr deltakar over 26 år.
Ingen påmelding, men trykk gjerne på "skal", så har vi ei viss oversikt.