Seinsommarfest 2025! ☀️🎶🎉
Datoen er satt, og planlegginga av årets Seinsommarfest er godt i gang!
Fredagskvelden blir det tradisjonen tru Fredagsquiz i teltet, og musikk og god stemning utover kvelden. 🎤🎵
Laurdag brakar det laust med Barnefestival, med mykje moro for store og små. 🎪🎈
Det er friluftslivets år i 2025, og det skal vi sjølvsagt markere. I samarbeid med Hareid kommune inviterer vi til eit turmagisk foredrag med Alexander Read. 🌿🏕️
Alexander er kjend som «Daddy» frå TV2-seriane «Mina og meg», samt for sitt samfunnsengasjement som friluftsrettleiar, ekspedisjonsfarar og formidlar av korte og lange turar i norsk natur.
Lokale speidargrupper vil også vere med på markeringa av friluftslivets år, og etter foredraget blir Alexander med ut i parken og kjem med turtips ilag med speidarane. 🌲🎒
Barnefestivalen fortsett utover ettermiddagen med speidarcamp, klovnar, hoppeslott, sceneshow og fleire ting som er under planlegging. 🤹♂️🏰✨
Laurdagskvelden blir det Trippelkonsert, og Loveshack, Sunnmøre Baarelag og Adrians'katt er booka! 🎸🔥 🎶🎤
Søndag blir det UKM-festival med sceneshow og kunstutstilling, der ungdomane får vist fram talentet sitt. 🎭🎨
Meir informasjon kjem etterkvart, så følg med! 📢👀
Foreløpig program:
Fredag 08.08.25
17.00 Opning av festivalområdet
Cars & Coffee
Politikardebatt
Fredagsquiz
Musikk og god stemning utover kvelden
Laurdag 09.08.25 BARNEFESTIVAL
11.00-16.00 Mykje kjekt for små og store!
“Jakten på turmagien”, ved Alexander Read frå “Mina og meg”
Speidarane
Hareid Sanitetslag
Bjørnis
Blålyshow
Eliasbåten
Klovnar, hoppeslott, ansiktsmaling
Sceneshow
KONSERT
20.00-02.00 Trippelkonsert med Loveshack,
Sunnmøre Baarelag og Adrians'katt.
Søndag 10.08.25 UKM - FESTIVAL
16.00 Kunstutstilling
18.00 Sceneshow
Med atterhald om endringar.
You may also like the following events from Opplev Hareid:
Also check out other
Festivals in Aalesund,
Concerts in Aalesund.