Rosa Sløyfe-løpet Fosnavåg 2025, 4 October | Event in Aalesund | AllEvents

Rosa Sløyfe-løpet Fosnavåg 2025

PT - Henriette Hansen

Highlights

Sat, 04 Oct, 2025 at 11:30 am

Fosnavåg by

Advertisement

Date & Location

Sat, 04 Oct, 2025 at 11:30 am (CEST)

Fosnavåg by

Buholmvegen 5, 6091 Fosnavåg, Norge, Aalesund, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Rosa Sløyfe-løpet Fosnavåg 2025
🎀 Vi skal farge Fosnavåg rosa i 2025 også! 🎀

Dato: Laurdag 04.10.25



🎀 PÅMELDING 🎀

➡️ Vaksne (over 18 år): Benytt denne linken via Rosa Sløyfe sine nettsider https://www.rosasloyfelopet.no/ildsjel/rosa-sloyfe-lop/

Born / ungdom (under 18 år) kan også nytte denne linken, men må då betale lik påmeldingsavgift som vaksne.

➡️ Pris vaksne: 400 kr

➡️ Born/ungdom (under 18 år): Send SMS til 40074399 - skriv namnet på barnet.

➡️ Pris born/ungdom (under 18 år): GRATIS - Sparebanken Møre har sponsa oss dei tidlegare åra, vi håpar dei ønsker å gjere det igjen!

Born/ungdom (og eventuelt vaksne som melder seg på løpsdagen, sjå informasjon lenger nede), vil difor ha eit annleis startnummer og medalje, enn dei som har nytta linken.


Påmeldingsfrist: Fredag 13.09.25


🎀 VIKTIG INFORMASJON OM PÅMELDING, PÅMELDINGSFRIST, STARTNUMMER OG MEDALJAR 🎀

➡️Vaksne, via påmeldingslink:

Når du melder deg på via linken på Rosa Sløyfe sine nettsider melder du deg på det spesifikke løpet knytt til Fosnavåg. Når påmeldingsfristen er utgått vil Rosa Sløyfe pakke alle påmeldte startnummer og medaljar, og sende dei samla til arrangementkomiteen slik vi får dette i god tid før løpsdagen. Då deler vi ut startnummera i forkant av løpet, og du får medaljen din med oss etter løpet.

Du kan også melde deg på via linken etter påmeldingsfristen er gått ut, men vil då få goodiebag,startnummer og medalje tilsendt heim i di eiga postkasse. Om den rekk å verte sendt heim til deg før løpet er avhengig av når du melder deg på.

Altså; melder du deg på etter påmeldingsfristen er du sjølv ansvarleg for ditt startnummer og din medalje. Om den ikkje har rukke å komt i posten kan du SJØLVSAGT kome å delta på løpet uansett :)

Startnummera frå Rosa Sløyfe har ikkje nummer på seg, så der startnummeret skal stå skriv du på ditt eige namn.

➡️ Born / ungdom:

Vi ønsker at born / ungdom skal vere GRATIS, og har difor inngått sponsoravtale med Sparebanken Møre. Men for å vite nøyaktig kor mange startnummer og medaljar som skal bestillast inn, melder også desse seg på til ein av oss i arrangementkomiteen.

Desse startnummera har nummer på seg.

➡️ Påmelding etter påmeldingsfristen:

Som nemnt kan du også melde deg på etter påmeldingsfristen, både barn/ungdom og vaksne. Om du då brukar Rosa Sløyfe-linken får du tilsendt goodiebag, startnummer og medalje heim til deg sjølv. Om denne rekk å kome før løpet er avhengig av påmeldingstidspunktet. Arrangementkomiteen vil altså ikkje motta pakken din dersom du melder deg på etter fristen.

Born og ungdom kan melde seg på etter fristen ved å framleis sende SMS til arrangementkomiteen, då litt ekstra medaljar og startnummer vil verte bestilt inn. Om vi overstig det bestilte antalet vil vi verte tome.

Vaksne kan også etter påmeldingsfristen sende SMS til arrangementkomiteen. Skulle vi ha fleire sponsa startnummer og medaljar til overs, vil du få tildelt det. Pris for vaksne vil då vere den same som dei førehandspåmeldte via Rosa Sløyfe-linken. Men born har fyrste prioritet på dei sponsa startnummera og medaljane.


➡️ Påmelding på løpsdagen, både born, ungdom og vaksne:

Vi bestiller alltid litt ekstra medaljar og startnummer frå det Sparebanken Møre sponsar. Dersom desse ikkje er tildelt førehandspåmelde vil vi fortsette å dele dei ut så lenge vi har, med born som fyrste prioritet.

Dette er årsaken til at nokre har ulike startnummer på seg.

Melder du deg på på løpsdagen vil du få same type startnummer og medalje som born/ungdom. Vaksne betalar framleis lik påmeldingsavgift som dei som er førehandspåmeldt via linken.

💥VIKTIG💥 La startnummeret vere synleg når du kjem i mål! Slik ser vi om du skal ha medlaje frå oss - og kva type medalje - eller om du har fått din medalje heim til deg sjøv.


🎀 LØYPENE 🎀
Desse vert lagt ut i eige innlegg i arrangementet. Det vert same løypene som i 2024.


For eventuelt andre spørsmål kan du sende SMS til 93825654 eller e-post til aGVucmVpaGFuIHwgZ21haWwgISBjb20=

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

To stay informed about ticket information or to know if tickets are not required, click the 'Notify me' button below.

Advertisement

Nearby Hotels

Fosnavåg by, Buholmvegen 5, 6091 Fosnavåg, Norge, Aalesund, Norway
Get updates and reminders

Host Details

PT - Henriette Hansen

PT - Henriette Hansen

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Rosa Sløyfe-løpet Fosnavåg 2025, 4 October | Event in Aalesund | AllEvents
Rosa Sløyfe-løpet Fosnavåg 2025
Sat, 04 Oct, 2025 at 11:30 am