Ei hyllest til festivalen sine røter
Kva handla Fjord Cadenza eigentleg om, og korleis kan vi under årets opningskonsert hedre festivalen si historie? Frå byrjinga var Fjord Cadenza først og fremst ein sommarskule for unge talent. Dette arvet blir ført vidare når vi inviterer Indre Strøk og deltakarar ved Ålesund orkesterskule til ein "Side by Side"-konsert saman med TrondheimSolistene – der erfarne musikarar og komande talent spelar saman som likeverdige partnarar.
OLA KVERNBERG – frå stipendmottakar til hovudartist
Kveldens store høgdepunkt er Ola Kvernbergs tilbakekomst til Fjord Cadenza. Jens Moe var ein superfan av Ola frå tidleg alder, og Ola mottok festivalen sitt første talentstipend i 1994. Han var fleire gonger på festivalen på 90-talet, med si siste framsyning i 2001 – ein eigen swing-jazzkonsert som mange hugsar med glede.
I dag er Ola Kvernberg anerkjend som ein av Noregs mest framståande jazzfiolinistar og multiinstrumentalister. Født i Fræna utanfor Molde i 1981, byrja han å spele klassisk fiolin som seksåring og har røter i folkemusikken frå morfaren sin, Peter L. Rypdal. Han vann tredjepris i ein stor klassisk fiolinkonkurranse i Italia som 14-åring, men "oppdaga" jazzen to år seinare.
Fjord Cadenza er stolte av å ha vore med å følge Ola Kvernberg gjennom åra, og vi trur Jens Moe ville sett stor pris på at han no kjem tilbake og har ein sentral rolle i årets Fjord Cadenza.
Overraskingar frå festivalen sine vener
"Lyden av Fjord Cadenza" tyder også at kjende stemmer og instrument frå festivalen si historie kjem tilbake. Rune Bergmann, Magne Fremmerlid og Charlotte Fongen byr på overraskingar saman med TrondheimSolistene, og bidreg til å skape den varme, inkluderande atmosfæren som alltid har kjenneteikna festivalen.
You may also like the following events from Fjord Cadenza:
Also check out other
Concerts in Aalesund.