Merk ny dato pga vêret!
Vi tek turen opp i vakre Molladalen og skal bestige ein av dei spisse tindane, Mohns topp (1.350 moh). Vi køyrer opp Barstaddalen, der vi parkerer. Vi skal først opp til Storevatnet i Molladalen og gå inn i enden. Her startar oppstiginga langs Mohns renne. Her kan det vere fare for steinsprang, og alle må ha med hjelm (sykkelhjelm går fint). Mot Mohns topp er det klyvjing, og luftige parti. Det vert også moglegheit for ein tur bortom Randers topp.
PS: turen vert berre gjennomført i godt vêr - hugs hjelm!