Denne haustdagen skal vi til Giske. Øya er ein av dei beste stadane du kan besøke i Noreg for å oppleve vadefuglar på trekk. Vi kan vente å sjå vadarar frå fleire delar av Arktis. På Giske er det også mange andre typar fuglar å sjå, for heile området er svært næringsrikt. Både på sjøen, i fjøreområda og inne på beitemarkene vil det vere trekkfuglar som rastar. På Giske feitar dei seg opp før dei skal flyge vidare mot sør.
I løpet av ein haustdag på Giske er det mogleg å sjå fleire enn ti vadefuglartar. Bildet viser sandlo, ein av artane vi kan vere sikre på å få møte.
Møt opp på grus-parkeringsplassen ved Øygardshamna i Sjøvegen 77.
Vi startar med å studere trekkfuglane på nord- og vestsida av øya. Deretter går vi vidare og besøker den ornitologiske stasjonen i Makkevika. Der blir vadarar og sporvefuglar ringmerkte av Sunnmøre ringmerkingsgruppe.
Vi tar atterhald om brukbart ver.
Turleiar er Svein Arne Orvik, tlf. 93 80 69 23. Velkomen!
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No
Undo
Interested
Ticket Info
To stay informed about ticket information or to know if tickets are not required, click the 'Notify me' button below.