Straumen er den viktigaste infrastrukturen vi har. Omtrent alt vi gjer, er avhengig av at straumen blir levert. Tenesteyting, produksjon, transport, kommunikasjon, beredskap og det meste anna kviler på vi får dei kilowattimane vi treng.
Vi er heldige i Noreg. Straumutfalla er sjeldne, leveringstryggleiken er nærast plettfri. Men…
… ikkje hundre prosent. Det er nok av scenario der straumen kan bli borte – også lenge. Utviklinga i verda gjer at sannsynet for straumutfall, med tilhøyrande konsekvensar, har auka.
Kva kan gjere at straumen forsvinn?
Kva konsekvensar råkar oss om straumen blir borte?
Korleis kan næringslivet på Hareid bu seg på langvarig straumutfall?
Korleis kan verksemdene på Hareid samarbeide under eit langvarig straumbrot?
Kva gjer kommunen når straumen går?
Beredskapskoordinator i Hareid kommune, Erlend Friestad, leiar møtet. Med på møtet vil det også vere representantar frå Linja.
Frukostmøtet er ein del av eigenberedskapsveka, som blir arrangert årleg i veke 44. Dette er ein nasjonal kampanjeveke der det blir sett søkelys på eigenberedskapen til innbyggarar og verksemder. Sivilforsvaret, statsforvaltarar, kommunar, frivillige organisasjonar, naudetatar og mange andre er med på arrangement og kampanjar over heile landet.
Hareid kommune har i år vald å leggje vekt på straumbrot i sine lokale arrangement.
Det blir også eit folkemøte på biblioteket 30. oktober klokka 18 med same tema som dette møtet - men då med vekt på privathushaldningar.
Dørene opnar 08:15. Programstart 08:30. Lett servering.
Påmelding via lenke:
https://forms.cloud.microsoft/e/je62hyS4Ue