Vyrde kulekastarar og godtfolk,
I slutten av Juli inviterer jammen Stord Petanqueklubb til Sommarøyo Open😊
Etter å ha vore på Fjellstova i 2022 og ved gruvene på Litlabø i 2023 var me i 2024 på Tveita, ved Lavvoane til Fronta.
I 2025 vert happeningen på Tveita nok ein gong👍
Kombinasjonen krevjande underlag, tvilsam musikk og uforståeleg speleoppsett vart ein kjempesuksess som me gjentek i 2025😊
Laurdagen vert lisensfri. Dette inneber at spelarane denne dagen ikkje treng anna enn lyst til å vere med på noko kjekt👍
Det er ope for alle som vil, og me håpar på både nye og gamle fjes.
Laurdag kan ein ta med det ein sjølv tykkjer er høvande drikkevarer til godt lag. På Tveita har me ein flott samlingstad for drøs, kos og eventuell diskusjon mellom og etter kampane.
Heilt ideel oppladning til bocciafest og københavn open.
Søndag spelar me norgesranking i Single.
Denne dagen er det trong for medlemskap og lisens, men det er slett ikkje veldig krevjande å fikse.
Ta kontakt om spørsmål! Arrangørane Tore, Odd og Sigurd er alltid på vakt og svarar når det høver.
Oppdaterer eventet med meir info etterkvart.
Laurdag 26/7 - Lisensfri dobbel
- 300,- per lag.
- Oppmøte 0900.
Søndag 27/7 - Ranking Single
- 125,- per spelar
- Oppmøte 0900
Vippsen er #103775
Spelestad Nordre Tveita 1.
Påmelding til Sigurd Sævareid på messenger eller 95419989