Klesbytedag og workshop!, 14 February | Event in Ølen | AllEvents

Klesbytedag og workshop!

Naturvernforbundet på Stord

Highlights

Sat, 14 Feb, 2026 at 12:00 pm

Stord Kulturhus

Advertisement

Date & Location

Sat, 14 Feb, 2026 at 12:00 pm (CET)

Stord Kulturhus

Hamnegata 1, 5411 Leirvik, Norge, Ølen, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Klesbytedag og workshop!
Klesbytedagen - Godt for miljøet, og eit sosialt og kjekt arrangement.

Laurdag 14. februar kl. 12-15 arrangerer me klesbytedag og workshop i Stord kulturhus!

Finn fram klede du ikkje lenger har bruk for, og leit etter nye skattar på bytedagen.
Ved å byte klede, og ikkje kjøpe nytt, kan me saman skape ei motvekt til den store overproduksjonen i klesindustrien. Kleda får lengre levetid, forbruket vårt blir mindre, og du er med på å redusere utslepp av klimagassar. Kor flott er ikkje det? <3

SY OG TRYKK
I år er me så heldige å ha med oss Jenny Kyvik Hutchens og Ingrid Rommetveit på Klesbytedagen!
Dei inviterer til workshop i 2. etasje, der du kan læra korleis du kan gi klede nytt liv ved bruk av overskuddstekstil og enkle handarbeidsteknikkar.
Les meir om Sy og Trykk i egen post i dette arrangementet, og bestill plass her: https://stord.kulturhus.no/sy-trykk-r7jrn5/


KLESBYTEDAGEN - KORLEIS DELTA?
Du kan levere inn opptil 7 plagg, som må vere heile og reine. Om du har barneklede du ynskjer å byte, kan du levere 7 plagg til. For kvart plagg du leverer inn får du utdelt ein klesbytelapp som du kan bruke på klesbytedagen. 1 lapp =1 plagg.

INNLEVERING AV KLEDE
Du kan levere inn klede i veke 7 (9. - 13. februar).

Hjå URT OG UGRAS:
9. - 13. februar kl. 09-15

STORD KULTURHUS:
Tysdag 10. februar kl. 19-20
Torsdag 12. februar kl. 17-19
Fredag 13. februar kl. 16.30-18 og 19.30-21

HVL – CAMPUS STORD:
Onsdag 11. februar kl. 11-12

For kleda som ikkje blir bytta, prøver me å finne lokale organisasjonar og tiltak som kan nytte dei. Resten vil gå til tekstilinnsamling.


Dei som deltek på klesbytedagen 14. februar kan bli med i trekninga av eit gåvekort frå Urt & Ugras på 500 kr.
Me heier på Urt & Ugras, som alltid har eit hjarte for miljø og berekraft <3


Me vonar du har lyst til å vere med, og gler oss til å sjå deg i kulturhuset!



Also check out other Workshops in Ølen.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

To stay informed about ticket information or to know if tickets are not required, click the 'Notify me' button below.

Advertisement

Nearby Hotels

Stord Kulturhus, Hamnegata 1, 5411 Leirvik, Norge, Ølen, Norway
Get updates and reminders
Ask AI if this event suits you

Host Details

Naturvernforbundet på Stord

Naturvernforbundet på Stord

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Klesbytedag og workshop!, 14 February | Event in Ølen | AllEvents
Klesbytedag og workshop!
Sat, 14 Feb, 2026 at 12:00 pm