Dei er ikkje så gode å telja i Grishuset på Lunde, men ein av delene er det mest sannsynleg. Det som er sikkert er at Klangboltane denne ettermiddagen syng seg gjennom soga si, frå Salhus til Dublin og frå Nashville til Vømmøldalen og via Alversund heim igjen. Litt av alt altså: Medaas, kvintetten, Vømmøl, utaskjersk på innaskjersk, Cash og dei, Dubliners og dei, sanne skrøner og skrønete sanningar. Fullt band og eit kor som har øvd kvar jækla søndag i 25 eller 26 år - ein skulle tru det hadde hjulpe litt. Møt opp og sjå!