Me kostar golva og legg til rette for gjenbruksmarknad i
Oma Båtbyggeri sine gamle lokaler på Døso, Hystad.
KONSEPTET ER:
* Finn fram ting du ikkje lenger har bruk for, men som andre kan
ha gleda av
* Ting kan gis vekk eller seljast.
* Du kan selge til inntekt for deg sjølv eller ein organisasjon
* Nytt gjerne denne sida til å legg ut bilete av produkt som vert stilt ut for sal på sjølve dagen. OBS: ingen kjøp/salg i forkant via dette arrangementet.
Du kan selge brukte ting, eller kanskje noko du har laga?
TYPISKE POPULÆRE TING ER:
bøker, klær, verktøy, kjøkkenutstyr, leiker, barneutstyr, sportsartiklar, vesker, rammer og bilder, speil og annet nips.
Men hugs også på: stiklinger, frø, knagger, dukar, gardiner, kjæledyrutstyr, garnrestar, hobbyutstyr m.m.
TYPISK UPOPULÆRE TING ER:
defekte og øydelagte ting som elektronikk, ting med skår, eller utslitte sko og klær.
Det du sel må være reint og i god stand.
SLIK DELTAR DU PÅ SJØLVE DAGEN:
* Finn i forkant av dagen fram ting du ikkje brukar.
* Rigg din bod – på medbrakt bord/benk/teppe.
* Sørg for at tingene får ein ny heim.
* Ta deg en runde rundt og sjå om du finn noko du trenger.
For å bli med som selgar send ei melding til 91567983 med namnet ditt, så får me ei oversikt over antall «boder». Engasjer gjerne barn og ungdom!
Det er ope i verkstaden frå kl.10.00 for dei som skal rigga seg til, og frå kl.11.00 for kundar.
Veldig kjekt om du som treng noko nytt vil ta turen:)
PRAKTISK INFO.:
* Ein bør gå/sykle til gamleverkstaden.
* Det er eit par parkeringsplassar tilgjengelig, men her er det lett å bli parkert inne.
* Hugs handlenett!