Barnas turlag og Etne bibliotek inviterer i samarbeid med Ståle & Astrid på Villa Vedlene til FØRJULSKOS med forteljestund for barn, utdeling av premiar frå årets Turbo postkasseturar, bål og grilling, juletregang, song m.m.
Me startar med forteljestund ved Tale Østrem inne på kroa i Villa Vedlene. Ho gir oss eit lite STJERNEDRYSS av juleforteljingar og julesonger⭐️☺️🤶🏻
Ein fattig skomakar, og ei fattig, foreldrelaus jente... Kva skjer når skomakaren vaknar ein morgon like før jul, når han ser at nokon allereie har sydd sko av læret han gjorde klart kvelden før? Og korleis skal det gå med jenta, heilt åleine i ein mørk skog?
To eventyr av Brødrene Grimm, eventyret Stjernedryss og eventyret Nissene og skomakaren. Innimellom vert det kjende og nye julesongar. Høver for barn - og vaksne - i lag☺️ Barnas turlag serverer lussekattar til forteljestunda! ❤️
Etterpå går med ut og kosar oss rundt bålet. Då kjem Barnas turlag til å dela ut premiar frå årets Turbo postkasseturar. Det vert òg høve til å grilla pølser, pinnebrød eller anna:-) Ta med varm drikke, gjerne eit sitjeunderlag og det du sjølv ønskjer å evt grilla☺️ Me har spiddepinnar:-)
Me satsar òg på å gå rundt juletre i lag. 🎄🎄🎄Og sidan det er sjølvaste Luciadagen, skal me i alle fall synga Ingvar Moe sin vakre Santa Lucia-versjon ❤️😇
Trur de nissen kjem då?🎅🏼🤶🏻
Me gler oss til ein utruleg koseleg og kanskje ganske magisk førjulsettermiddag i lag med dykk⭐️⭐️⭐️
Grunna begrensa plass innnadørs ber me om påmelding via SMS 97590614 eller på e-post:
ZXRuZSAhIGJpYmxpb3RlayB8IGV0bmUgISBrb21tdW5lICEgbm8=
Velkommen så mykje❣️ Arrangementet er gratis.