Onsdag 29.10 kl. 18.00 har me gleda av å inviterer til bokbad med bømling og forfattar Tone Vik i biblioteket. I samtale med Øystein Kausrud frå biblioteket vil ho fortelje om boka Fra dude til Diva som kom ut 16. september.
Me er i ei tid der mangfald, inkludering og openheit står på spel både i Noreg og elles i verda. Frå dude til Diva er ei gripande og kompromisslaus bok om identitet, mot og fridom. Vik deler si personlege reise frå å leve som mann og pappa – til å stå fram som den kvinna ho alltid har vore.
I nesten femti år levde ho i ei rolle som ikkje spegla hennar indre sanning. I boka tek ho lesaren med på ei ærleg og sårbar reise gjennom skam, frykt og sjølvfornekting – og vidare til sjølvaksept, fridom og stoltheit. Dette er ikkje berre ei personleg forteljing, men òg eit viktig bidrag til samtalen om kjønn, identitet og det å leve autentisk.
«Dette er ei bok for alle som kjenner på utanforskap, som står ved eit vegskilje, eller som rett og slett ønskjer å leve eit ærlegare og meir ekte liv,» seier Vik.
Tone Vik (1972) levde som mann fram til ho blei 49 år. Ho har vore gift, er far til 3 og er utdanna ingeniør. Ho jobbar som engineeringsleiar i Haugesund, der ho også bur. Favorittsitat er: «Vær snill. Alltid.»
Arrangementet er gratis men ein må ta ut billett på førehand.
Velkommen!
You may also like the following events from Bømlo folkebibliotek: