Bokassa (HEAVYHELG), 27 September | Event in Ølen | AllEvents

Bokassa (HEAVYHELG)

Bakeriet Frugård

Highlights

Sat, 27 Sep, 2025 at 08:00 pm

Borggata 20, 5417 Stord Island, Norway

Advertisement

Date & Location

Sat, 27 Sep, 2025 at 08:00 pm (CEST)

Borggata 20, 5417 Stord Island

Borggata 20, 5417 Leirvik, Norge, Ølen, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Bokassa (HEAVYHELG)
Turbojugend Stord fyller 20 år og inviterer til HEAVYHELG i samarbeid med Bakeriet Frugård. Me feirar to dagar til endes, med ei rekke glimrande band, 26.-27. september.

Som første headliner slepp me sjølvaste Bokassa!

Punkmetal-trioen har opplevd ganske mykje i løpet av si relativt korte eksistens. Sjølv utan matchande antrekk, diverse masker eller annan trendjagande åtferd har bandet likevel klart å gje ut fire kritikarroste album, turnert med blant anna Mastodon, Baroness, Judas Priest, Zebrahead, Red Fang og Metallica. Dei har spelt på fleire av verdas største festivalar (Wacken, Download, Hellfest, Resurrection, Summer Breeze osv.). Dei har blitt nominert til Spellemann (og tapt), vunne Bendiksenprisen, spelt live-session hos BBC Radio 1 og prøvd i alle fall fem forskjellige typar Pepsi Max undervegs.

Den sjølvutgitte debuten "Divide & Conquer" blei kåra til eitt av 2017s beste debutalbum av ærverdige Metal Hammer UK og eitt av det siste tiåret sine beste norske plater av Gaffa. I 2019 blei dei handplukka av Metallica, saman med Ghost, som support på deira "Worldwired"-turné, utan verken plateselskap, management eller bookingselskap i ryggen. I 2024 kom deira fjerde og førebels siste album "All Out Of Dreams", med musikalske gjester frå Sick Of It All og Red Fang, til strålande anmeldelser, blant anna 4/5 i Kerrang, 8/10 i Metal Hammer UK, 5/6 i Dagsavisen og 9/10 hos Powerplay Magazine. Kerrang sa det kanskje aller best med følgjande linje: "Count on Bokassa to keep serving up absolute bangers". Noko det er vanskeleg å vere uenig i dersom ein har høyrt plata. Plata viser eit band som aldri har vore i betre form. Musikalsk altså, den fysiske forma er framleis på staden kvil.

Fleire artistar blir sleppt i dagane framover!


You may also like the following events from Bakeriet Frugård:

Also check out other Music events in Ølen, Entertainment events in Ølen.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Bokassa (HEAVYHELG) can be booked here.

Advertisement

Event Tags

Nearby Hotels

Borggata 20, 5417 Stord Island, Norway, Borggata 20, 5417 Leirvik, Norge, Ølen, Norway
Reserve your spot

Host Details

Bakeriet Frugård

Bakeriet Frugård

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Bokassa (HEAVYHELG), 27 September | Event in Ølen | AllEvents
Bokassa (HEAVYHELG)
Sat, 27 Sep, 2025 at 08:00 pm