Ankerfest 2025, 20 June | Event in Ølen | AllEvents

Ankerfest 2025

Kulleseidkanalen Gjestehamn

Highlights

Fri, 20 Jun, 2025 at 06:00 pm

Kanalvegen 24, 5437 Bømlo, Norway

Advertisement

Date & Location

Fri, 20 Jun, 2025 at 06:00 pm - Sun, 22 Jun, 2025 at 12:00 am (CEST)

Kanalvegen 24, 5437 Bømlo

Kanalvegen 24, 5437 Finnås, Norge, Bømlo, Ølen, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Ankerfest 2025
Ankerfest 2025

Kast loss, sett kurs og la ankeret gå! Kulleseidkanalen gjestehamn inviterer igjen til Ankerfest 2025 – det blir ein folkefest, med svært ettertrakta artistar, liv i hamna og på camping, open restaurant og eit yrande folkeliv.

Eit av høgdepunkta denne helga vert utekonserten med Kling & De, Gunslingers og En Dags Pause (fredag 20. juni), Møllo Blues band, Luxus Leverpostei og Supertrouper (laurdag 21. juni) og Salmer på pøbb (Søndag 22.juni).

Kjøp festivalpass, så er du sikra billettar til heile folkefesten!

Overnatting i båt eller camping er berre tilgjengeleg ved førehandsbooking. Vel du festivalpass får du opp moglegheit til å booka plass i hamna eller på campingen.

Konsertane har 18 års aldersgrense. Frå kl 18:00 er restaurant og konsertområde ikkje tilgjengeleg for umyndige. Personar under 25 år må uoppfordra visa legitimasjon.


Fredag 20. juni:

Kling & De

Kling & De gler seg til å spela på Ankerfest 2025 og skal gjera sitt beste for at det blir allsong og god stemning. Kling & De er eit band frå Karmøy som debuterte med sommerhiten «Fy faen så deiligt» sommaren 2021, og for ein HIT det skulle bli! Låten er spelt over 4,8 millionar gonger på Spotify.

Om sommaren ligg dei på rundt 80.000 månadlege lyttarar på Spotify og i skrivande stund med 54.000 månadlege lyttarar.
Kling & De sverja til organiske instrument, spelt av ekta menneske som er dedikerte til musikk og eigne åndsverk. Dei har bevist at ein hit låt ikkje treng meir enn vokal, akustisk gitar, vispar og bass (Fy faen så deiligt).

Kling & de er 6 medlemmer i bandet og alle elskar å spela. Alle låtane er skrivne, lagt og produsert av Ågot Pedersen og Roy Kling.

Bandet:
Vokal: Ågot Pedersen
Vokal : Geir Ove Nyrud
Gitar: Roy Kling
Bass: Joppe Vie
Trommer: Leif Helge Olsen
Keyboard: Vidar Stakkestad

Bandet glede seg Massivt til Ankerfest 2025!


Gunslingers

Gunslingers har i snart 20 år levert norsk countrymusikk av ypperste kvalitet. Dei har oppnådd ein rekke utmerkingar, fått tildelt gull- og platinatrofèer og fått æra av å spela på hundrevis av utselde arrangement.

Bandet reiser med mellom anna LED-skjerm, flammar og diverse effektar, som gjer at showet skil seg ut ifrå mengda og gjæv publikum ein unik konsertoppleving. Bak vokalist og låtskrivar Frode Måkestad, står ei rekkje med anerkjende norske musikarar - ingen ringjarar enn:

Tore Mæhle (Bass),
Frode Andreassen (Trommeslager),
Dag Wolf (Steel guitar),
Jan Ove Johansen (Gitar)
Nikolai Storevik (Fele).

Bandet fokuserer på ekte speleglede og musikalsk kvalitet. Playback og tracks er banning i kyrkja for denne gjengen.

På konsertane med Gunslingers vil publikum få servert eit fullspekket show. Kjemien mellom scene og publikum er unik og det er ingen tvil om at desse kara var laga for å opptre på scena. Det å vera på konsert med Gunslingers kan opplevest som eit ordentleg serotonin tilskot og ikkje minst - det gir deg eit minne du seint (eller aldri) vil gløyma.


En Dags Pause

I år er det 75 år sidan Jahn Teigen vart fødd. Bandet "En dags pause" har allereie feira Teigens liv og virke i 5 år med over 200 spelejobbar rundt om i Noreg. Omtrent kvar krok har hatt besøk av dette energiske bandet, som vidarefører arven til Jahn Teigen med stoltheit og bravur. Dei har farta rundt på clubber, kulturhus, festivalar og eventer. Og uansett kor dei har vore har reaksjonen til publikum vore unison: Dei elskar det!

Publikum har ledd, sunge og grått om kvarandre, og det til lyden av perler som "den første kjærleiken min", "vakraste som finns", "Adieu" og "Optimist". Og bandet er framleis like aktive.

Dei er no i gang igjen med å forføra publikum på nytt, endå betre enn tidlegare. Villare enn tidlegare og kanskje kjem det ei overrasking òg, dei har jo hatt Tom Mathisen frå Prima Vera, som gjesteartist og det er slett ikkje usannsynleg at dei vil jobba saman òg ved eit seinare høve.

«En dags pause» består av rutinerte musikarar frå austlandet med 1000-vis a spelejobbar bak seg, som ønskjer at nettopp du skal kosa deg med ein festkveld musikk av ein av Noregs største artistar.

Bandet:
Roar Antonsen – song, akustisk gitar
Gry Lepsøe- song
Fredrik Fernando Nilsen- tangenter
Frode Spidsberg- gitar, kor
Rune Bergflødt- bass, kor
Egil Johnsrud- trommer, kor



Lørdag 21. juni:


Møllo Blues band

For mange bømlingar vekkjer dette namnet minner frå ei svunnen tid. Det er ikkje få som i dag er gifte og stelte og har passert både sølv og perlebryllaup, som hadde sitt fyrste møte, sin fyrste dans, sitt fyrste kyss til tonane av Mustang Sally eller Sitting on the dock of the bay, akkompagnert av Møllo Blues Band.

Trettitre år etter den fyrste øvinga i Møllo i Tverråno, og for fyrste gong sidan 2007 ristar dette legendariske bandet oska or seg og reiser seg som ein Fugl Fønix.

Ankerfest 2025, er staden. Som ein forstår så er det ikkje ofte dette skjer og billettane bør du sikra deg i goooood tid. Så kan du stå på kaien, nyte tonane til You can leave your hat on, Soul man, try a little tenderness, Let my people go, Sweet home Chicago, og mange andre klassikarar.

Gjennopplev ungdommen og la deg riva med i eit forrykande sceneshow, nokre av dei beste musikantane Bømlo har fostra og kjenn på denne evigunge musikken som manar fram glede, dansefot og stor allsongfaktor. Blåsarane skal pusse horna, bandmedlemmane skal innerst i skapet for å leite etter prikkeslipset, eller lage eit nytt prikkeslips med korrekturlakk, (true story).

Bandet gler seg ekstremt til å endeleg spela saman igjen.

«- we’re putting the band back together». Sitat frå filmen som starta det heile..



Luxus Leverpostei

Luxus Leverpostei består av 5 glade gutar hovudsakeleg frå Kvinesdal i sin beste alder. Luxus har spelt over heile landet i 30 år, dei er blitt dyktige i sin jobb. Dei har fått meget positive tilbakemeldingar frå publikum, men langt mindre frå pressa. Dette mykje på grunn av tekstar og det særprega showet deira. Luxus har til no solgt ca. 300.000 plater + 25.000 singlar. Låtane deira har blitt streamet over 50 millionar gonger, og i 2019 fekk bandet Kvinesdal Kommunes kultur pris.

Plater får være plater, det er konsertane disse gutane er mest kjente for. Og det er vel ingen overrasking at det er det dei likar best sjølv og. Å sjokkera eller å væra vulgær, er ingen kunst i dag, alle gjer det. Men hensikta er at folk som går på konsert, skal oppleva noko, ikkje berre høyra. Ein Luxus konsert er for folk flest!
Bandet:

Song, Gitar: BOB KÅRE
Song, Gitar: STÅLULL
Trommer: KJELL
Keyboard/Synth: GERRY
Bass, song: BØGWALD


Supertrouper

SuperTrouper leverer eit tributeshow publikum seint vil gløyma. Dei speler alle dei store slagerane som Ulvaeus/Andersson produserte på 70-talet. Felles for publikum på SuperTrouper sine konsertar, er at alle har eit forhold til Abba og elskar musikken.

I tidsriktige kostyme, med den riktige ABBA-sounden, og dessutan eit storslått lysshow, fyller bandet konsertarenaene med sitt forrykande "Tribute to ABBA" show. Ei komplett oppleving som tek publikum rett tilbake til ABBA si stordomstid.

SuperTrouper består av sju dyktige artistar, og dessutan to erfarne koristar i tillegg. Dei to kvinnelege vokalistane utmerker seg strålande på scena. Med seg har dei eitt sterkt fem manns orkester beståande av erfarne musikarar, som også bidreg vokalt på låtane. Saman leverer dei slagerar på rekkje og rad frå ABBA sin songkatalog.

SuperTrouper er kjent som eit fantastisk live-band som dreg publikum med på festen og skaper ein atmosfære ein seint gløymer.


Søndag 22.juni:

Etter to år med Ankerfest, gler me oss no stort til å utvida festivalen til også søndagen

Me får ein heidundrande avslutting på helga med 𝙎𝙖𝙡𝙢𝙚𝙧 𝙥𝙖̊ 𝙋ø𝙗𝙗!

Siste åra har dei verkeleg teke Norge med storm, og NRK skriv at Lewi Bergrud og gjengen i Salmer på pøbb: "har treft ein nerve i det norske musikklandskapet (...) berre smil og glede å sjå blant publikum!"


Me håpar me ser deg på Ankerfest 2025!

Billettar finn du på https://kulleseidkanalen.no/vare-arrangement/


You may also like the following events from Kulleseidkanalen Gjestehamn:

Also check out other Music events in Ølen, Entertainment events in Ølen, Concerts in Ølen.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Ankerfest 2025 can be booked here.

Advertisement

Event Tags

Nearby Hotels

Kanalvegen 24, 5437 Bømlo, Norway, Kanalvegen 24, 5437 Finnås, Norge,Bømlo, Ølen, Norway

Just a heads up!

We have gathered all the information for you in one convenient spot, but please keep in mind that these are subject to change.We do our best to keep everything updated, but something might be out of sync. For the latest updates, always check the official event details by clicking the "Find Tickets" button.

Reserve your spot

Host Details

Kulleseidkanalen Gjestehamn

Kulleseidkanalen Gjestehamn

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Ankerfest 2025, 20 June | Event in Ølen | AllEvents
Ankerfest 2025
Fri, 20 Jun, 2025 at 06:00 pm