Me gler oss til ein ny haust med kjekke treff i Vonheim, og ynskjer nye og gamle, store og små velkomne til hamburgermiddag felles leik, fri leik og kjekt opplegg for borna, og tid for kaffi og prat for dei vaksne.
Litt om Supertysdag:
Me treng tid saman! På Supertysdag vil me tilby familiar i alle fasongar eit godt måltid etter jobb, ha aktivitetar for born i alle aldre og styrke foreldre/føresette i foreldrerolla gjennom ein kort og inspirerande "input". Her kan du treffe andre familiar, og alle er hjarteleg velkomne!
Opplegget på Supertysdag er retta mot barnefamiliar, men andre er òg velkomne - veldig kjekt om det kjem ungdom òg! Kjenner du nokon me kan spørje om å ta eit tak på kjøkkenet tek me gjerne i mot tips!