Vossolaksen var tidlegare ein av dei mest kjende bestandane av storlaks i Noreg. Frå 1949 til 1987 vart det i snitt teken 11,3 tonn laks i året. Så seint som i 1980 vart det teken 20 tonn. Mot slutten av 1980-tallet braut bestanden av laks i vassdraget saman. (NINA, 2024).
I dag er situasjonen kritisk. Vossolaksen er truga av utrydning. Mange års utsetjing av smolt har ikkje ført fram. Årets prøvefiske i vassdraget ga knapt fangst. Kva gjer me no?
Voss MDG ynskjer vel møtt til ein temakveld om Vossolaksen. Kva kan me gjere for å redda laksebestanden før det er for seint? Me inviterer både fagfolk og fylkespolitikarar for å finne svaret.
Møtet finn stad i Panoramasalen på Voss Kulturhus. Dørene opnar kl 17.45. Møtet er gratis og opent for alle. Det blir servering av kaffi og kake. Møtet er slutt kl 20.30.
Førebels program:
Del 1 - Innlegg frå forskning, forvaltning og grunneigarar.
18-18.05 Velkomst ved ordstyrar Øystein Ormåsen, leiar i Voss MDG.
18.05-18.10. Kva betyr Vossolaksen for Voss herad? Ordførar Tonje Ljones Såkvitne.
18.10-18.25 Status og tiltak for Vossolaksen. Forskar Bjørn Barlaup i NORCE.
18.25-18.35. Vossolaksen og EU sitt vassdirektiv. Vassområdekoordinator Sveinung
Klyve, Vestland fylkeskommune
18.35-18.45. Voss Klekkeri ved dagleg leiar Geir Ove Henden
18.45-18.55. Forvaltningslaget for Vossovassdraget ved leiar Erling Eikevik.
18.55-19.05 Miljødirektoratet ved ….
Pause i 15 minutt med kaffi og noko å bita i.
Del 2. Kva vil politikarane gjere for å redda Vossolaksen?
19.20 -19.50 Innlegg frå fylkespolitikarar. 3 minutt kvar.
19.50-20.20 Spørsmål og svar. Spørsmål frå salen.
20.20 - 20.30: Oppsummering og avslutning.