I tolkinga til dei prisløna og markante musikarane Berit Opheim og Karl Seglem står Draumkvedet fram som både enkelt og nært, visjonært og fantastisk. Begge er kjende for å søkja nye uttrykk og utfordre det etablerte, og på cd-utgjevinga dei gjorde i 2009 står denne middelalderballaden fram som eit eineståande musikalsk visjonsdikt. Berit Opheim har arbeida med Draumkvedet heile sitt kunstnarliv gjennom uttalige konsertar. Saman med Karl Seglem skapar og formidlar ho nytt kvar einaste gong.
“Varmen og klangfullheten i stemmen og hennes vare lydhørhet for balladens stemningsrikdom er med på å dra deg inn i fortellingens dype alvor. Hennes vokale grep er totalt. Hun er den fremste i sin kunstform, og viser igjen sitt mesterskap”
Avisa Aftenposten (N) om cd-utgjevinga
Om draumkvedet
Me møter draumane og visjonane til Olav Åsteson. Han fall i svevn julafta, og vakna 13. dag jul. I draumane han hadde, vandra han gjennom dødsriket og såg syndarane få si straff. Men Draumkvedet handlar ikkje berre om himmel og helvete. Olav Åsteson si vandring handlar om det å bli eit heilt menneske, og dei sterke, skakande og styggvakre draumane rommar det meste av det eit lite menneskeliv kan drøyma om.
Draumkvedet vart nedskrive av Jørgen Moe og M.B.Landstad midt på 1800-talet og har ei særeiga stilling i norsk og nordisk folkediktning. Dette visjonsdiktet fasinerer, utfordrar og provoserer, og er den mest sentrale og viktigaste middelalderballaden me kjenner til.
Berit Opheim, vokal
Karl Seglem, bukkehorn, elektronikk
Billettar hjå TicketCo:
https://fjelly.ticketco.events/no/nb/e/draumkvedet og med Vipps i døra kr 250,-