Orkesteret Fossegrimen inviterer til konsert - med born og unge i sentrum. Det er alltid ei stor glede for Fossegrimen å få invitera lokale born og unge til å spela saman med eit ekte symfoniorkester!
Billettar kjøpast på Voss kulturhus og på kulturhuset si nettside:
https://vosskulturhus.no/fossegrimen-konsert-bj93cx/
På denne konserten får me høyra seks unge solistar. Dei fire yngste er pianoelevar ved fordjupingsprogrammet til Voss kulturskule. Blant dei er 11 år gamle Sandre Kvitne på klaver, som òg deltok på Dei unges konsert i fjor. Ho har spelt piano sidan ho var fire år, med John Taylor som lærar, og fekk andreprisen i tevlinga Bergen Pianomester då ho sist deltok – ein imponerande prestasjon. Me får òg høyra Ingrid Eilertsen Hjetland (11) og Milana Barabash (14) som pianosolistar saman med orkesteret. Yngstemann på scena denne gongen er ni år gamle Nikolai Tuchto, som har spelt piano i under to år!
Pianistane spelar Sonatina op 49, 1.sats av Beethoven (Milana Barabash), A Flower in Spring av Pyong Kwon Ji (Sandra Kvitne), Für Elise av Beethoven (Ingrid Eilertsen Hjetland) og Mozart sin Rondo ala Turca (Nikolai Tuchto).
Me får oppleva to fiolinsolistar, Hans Olav Hjetland og Eivind Hjeltnes Rygg, som sjølve omtalar seg som «ambisiøse, up-and-coming fiolinistar». Dei går på musikklina ved Voss gymnas, spelar fast i Fossegrimen og har tidlegare vore elevar ved Voss kulturskule med Helga Hjetland som lærar. No tek dei timar hos Per Gisle Haagenrud, som er basert i Bergen. Dei to gutane er solistar i 1. sats av Bach sin kjende Dobbelkonsert i d-moll.
To av dei vaksne medlemene i Fossegrimen, fløytistane Ann Merete Handegård og Øystein Haga, er solistar i ein annan dobbelkonsert – 1. sats av Albinoni sin konsert for 2 oboer, stryk og basso continuo C-dur. Dei spelar obostemmene på fløyte!
Vår konsertmeister Helga Hjetland er solist i Piken med linhåret, eitt av to Debussy-stykke som står på programmet.
Orkesteret spelar òg Golliwogg's Cake-Walk av Debussy, og to korte, vakre orkesterstykke av kjende norske komponistar: Norske eventyrbilder - prinsessen kommer ridende på bjørnen, av Johan Halvorsen, og Solefallssangen av Ole Olsen.
Knut Brunvoll er konferansier, og konserten vert leia av Fossegrimen sin faste dirigent, Dagfinn Rohde.
Also check out other Concerts in Voss, Music events in Voss, Entertainment events in Voss.