Sunnmørsk Klatreklubb inviterer, i samarbeid med Volda filmteater, til premiere på dokumentarfilmen "Trango" Fredag 10. Oktober.
Dette er ein heilt spesiell film om det som vert rekna som den største bragda i norsk klatrehistorie – den banebrytande ekspedisjonen til Trango Towers i Pakistan i 1984. Med unike, tidlegare ukjende filmklipp og ærlige historier frå deltakarane, får vi eit nært møte med dei ekstreme riskane, personlege ofra og lidenskapen som låg bak denne verdskjende prestasjonen. Filmen skildrar også ein ny ekspedisjon til Trango 15 år seinare, og gir publikum eit sterkt og ekte innblikk i både eventyret og historia.
Etter filmen blir det open samtale i foajen med medlemar frå klatreklubben. Arrangementet er ope for alle – både nysgjerrige og fjellvante.
Vel møtt til ei unik filmkveld om norsk klatrehistorie!
Er du medlem i Sunnmørsk Klatreklubb betalar du medlemspris for billett på 100,-.