Har du nokon gong lese noko rart/noko du reagerer på i Bibelen? Noko forstyrrande, fælt eller beint fram sjokkerande brutalt? Og kanskje har du ikkje våga snakke med nokon om kva dette kan vere? Søndag 14. september klokka 19.30 inviterer Volda sokneråd til temakveld på Uppheim. Der samtalar Jan Ove Ulstein og Per Kristian Sætre om slike spørsmål. Kanskje dukkar det opp svar eller nye spørsmål?
Jan Ove er teolog, forfattar og salmediktar, medan Per Kristian i tillegg til å vere sokneprest i Volda også driv med bibelforsking. Dei vil diskutere kva bilete av Gud som vert teikna når Noa og familien vert berga, men alle andre druknar, når det verkar som Gud gjev ordre om heilag krig, etnisk reinsing og menneskeofring, eller når Jesus rett og slett oppfører seg rasistisk. Var det ikkje meininga at Gud skulle vere god og Jesus eit godt føredøme? Dei to teologane deler desse spørsmåla, men meiner også at det finst nokre måtar å tenkje på som kan vere til hjelp i møte med dei.
Under denne samlinga på Uppheim er det rom for at samtalane kan halde fram ved borda med ein kaffikopp og noko å bite i. Vel møtt til temakveld til fordjuping!
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No
Undo
Interested
Ticket Info
To stay informed about ticket information or to know if tickets are not required, click the 'Notify me' button below.