TRONDHEIM JAZZFORUM OG
Kroks-jazzcafe
På Scandic Nidelven hotell,
på «Broen bar»
Alterhaug, bass, Storaas,piano, Heide Bø, trommer
LØRDAG 08 NOVEMBER
Fra kl 14.00 til 16.00 med innslepp kl 13.00
Inngang kr 150.00
Student kr 50.00
Gratis for barn som ser ut som barn
Jazzforums vippsnummer er: 53 93 57
Booking & tekst Bjørn Krokfoss
Alterhaug, Storaas, Heide Bø-trio
Etter 16 år kom CD-en «Live at Trondheim Jazzfestival»; et opptak fra Dokkhuset 2009 med Vigleik som leder for noen av verdens ledende jazzmusikere: Jack De Johnette (USA) og Palle Danielsson (S). Platen har fått strålende anmeldelser i ulike aviser og tidsskrifter. Dette sto i dag og Tid:
6. juni 2009 var reine D-dagen på Dokkhuset.
I trioen Vigleik Storaas speler – i tillegg til Storaas – Palle Danielsson og Jack DeJohnette. Fotograf: Siril Monteiro
God musikk går ikkje ut på dato. Det som blir spelt på denne plata, blei framført på Dokkhuset Scene som ein del av Trondheim jazzfestival 6. juni 2009. Vigleik Storaas og arrangørane hadde vel ei aning om at store ting kunne vera i emning, for sjølvaste Jan Erik Kongshaug var kalla inn med opptaksutstyr. Samlar du ein av Noregs fremste pianistar og dei to internasjonale stordomane Palle Danielsson og Jack DeJohnette, er oddsen låg for at her kan det skje store ting.
Trioen valde ut eit strålande repertoar på sju låtar der berre «Alice in Wonderland» har status som standardlåt. Joe Hendersons «Isotope», Kenny Wheelers «Everybody’s Song But My Own» og dei to Steve Swallow-låtane «Eiderdown» og «Falling Grace» saman med eit originalbidrag frå Danielsson «Palle’s Headache» og Storaas’ kjende vals «Lines» er i sum ikkje berre seks låtar med eviggrønt potensial; dei gjev trioen ei mengd ulike innfallsvinklar i improvisasjon og samspel.
Trioen opnar med «Alice in Wonderland», der Storaas og Danielsson kviltar saman eit musikalsk lappeteppe før Danielsson tek over med eit pregnant kor. Han leverer stafettpinnen vidare til Storaas, som gjer sitt på velkjent lyrisk vis, medan DeJohnette understøttar med diskret vispekomp.
Meir framme i skoa er trioen i «Isotope», der alle får sagt sitt, men DeJohnette får siste ordet i eit karakteristisk kor der blendande teknikk og klartenkte idear går opp i ei høgare eining.
Slik går det – hit eit steg og dit eit steg. Det er ikkje mogeleg å peika på ein bestemt låt som høgdepunkt. Her kjem toppane i form av kortare og lengre sekvensar av genialt samspel.
Trioen Alterhaug, Storaas, Heide Bø-trio vil ta utgangspunkt i dette repertoaret denne lørdagen; i tillegg egne komposisjoner av Alterhaug og Storaas.
At Trondheims jazzmiljø avler musiker på «Champions League-nivå», for å bruke fotballmetaforer, legges lite merke til i byens medier. Det bør være en tankevekker for Adresseavisen og andre medier at det er så vidt liten oppmerksomhet rundt denne musikkformen, hvor musikere i Trondheims åpenbart er på verdensnivå. Sjekk Kroks Jazzcafé, 8.november 2025
Also check out other Music events in Trondheim, Entertainment events in Trondheim.