Agnes Ravatn: Doggerland, 29 October | Event in Trondheim | AllEvents

Agnes Ravatn: Doggerland

Litteraturhuset i Trondheim

Highlights

Wed, 29 Oct, 2025 at 07:00 pm

1.5 hours

Kongens gate 2, 7011 Trondheim, Norway

Advertisement

Date & Location

Wed, 29 Oct, 2025 at 07:00 pm to 08:30 pm (CET)

Kongens gate 2, 7011 Trondheim

Kongens gate 2, 7011 Trondheim, Norge, Trondheim, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Agnes Ravatn: Doggerland
Agnes Ravatn sin seinaste roman Doggerland er eit intenst kammerspel om ein familie og eit forlag på randa av kollaps. 29. oktober besøkjer forfattaren Litteraturhuset i Trondheim!

I den mektige Høst-familien har forlagsverksemd vore livsgrunnlaget i generasjonar. No er det tid for eit skifte: Matriark og forleggar Myrna Høst nærmar seg pensjonsalder, og dei to barna hennar – den litterært gåverike Filip og den økonomisk orienterte Henny – posisjonerer seg begge for å ta over. Men når Myrna kallar inn familien til strategisamling på eit isolert fyr, er det ikkje berre framtida til forlaget som skal avgjerast.

I utkanten av maktkampen står Edda. Ho er redaktør og gift med Filip - og meir innvoven i familieløyndomane enn nokon anar. Når det dukkar opp eit manuskript som trugar med å avsløre alt, er det duka for eit klaustrofobisk oppgjer mellom generasjonar, mellom litterære ideal og kommersiell overleving, og mellom løgn og sanning. Korleis kan Edda bevare løyndomen sin når både forlaget og hennar eiga framtid står på spel?

I denne skarpe og intense romanen utforskar Ravatn korleis makt, arv og løgner spelar seg ut i ei tid der sjølve eksistensen av litteraturen er truga. I dette bokbadet møter vi Ravatn i samtale med litteraturkritikar Hanna Malene Lindberg.

Agnes Ravatn (f. 1983) har gitt ut fleire kritikarroste og populære bøker, blant anna romanane Fugletribunalet (2013), Dei sju dørene (2019) og seinast Gjestene (2022). Ravatn har også gitt ut fleire populære sakprosabøker, mellom anna bestseljaren Operasjon sjølvdisiplin (2014). Ravatns særeigne, vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg svakheit går alltid att – om ho skriv romanar, journalistikk eller essay. Doggerland er den den femte romanen hennar.

Hanna Malene Lindberg er litteraturkritikar, kunstskribent og doktorgradsstipendiat i nordisk litteratur ved NTNU. Ho sit i redaksjonsrådet til Bokvennen Litterær Avis (BLA), og skriv kritikk og reportasjer for ArtScene Trondheim.

Sted: Sellanraa

Foto: Marius Viken / Samlaget


You may also like the following events from Litteraturhuset i Trondheim:

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Agnes Ravatn: Doggerland can be booked here.

Advertisement

Nearby Hotels

Kongens gate 2, 7011 Trondheim, Norway, Kongens gate 2, 7011 Trondheim, Norge, Trondheim, Norway
Reserve your spot

Host Details

Litteraturhuset i Trondheim

Litteraturhuset i Trondheim

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Agnes Ravatn: Doggerland, 29 October | Event in Trondheim | AllEvents
Agnes Ravatn: Doggerland
Wed, 29 Oct, 2025 at 07:00 pm